Hopp til innhold

Ein heim for seigmenn

Foto: Eli Bjelland/NRK

Glasuren renn, veggane dett saman og ein endar til slutt opp med å lima huset saman med limpistol. Kokk Terje Skaar gir deg tips i peparkakehus-bygging.

Av:

Eli Bjelland

Kokk Terje Skaar. (Foto: Eli Bjelland/NRK)

Kokken tok med seg eit nakent og brunt kakehus i studio til programleiar Kjell Jensen.

Resultatet blei ein fargerik luksusheim for seigmenn og -damer.

- Det største feilen folk gjer er at dei lagar melisglasuren for tynn. Då vil han berre renna. Lag ein tjukk glasur, presiserer Skaar.

Når ein peparkakehus bakar tek ein:

1,5 dl. smelta margarin/smør

1,5 dl. mørk sirup

1,5 dl. brunt sukker

1,5 dl. sukker

1,5 dl. fløyte

3 ts. kanel

2 ts. kardemomme

2 ts. nellik

2 ts. ingefær

1 ts. natron

1 ts. pepar

9-10 dl. kveitemjøl

Du kan óg kjøpa ferdig deig, teikningar til hus, eller utstikkarar som du stikk ut tak og veggar med.

Pynten er viktigast

Pynten er det viktigaste på eit skikkeleg peparkakehus, og her må ein la fantasien få fritt utløp.

Du kan pynta med sjokolade, seigmenn, seigdamer, karamell, smellbongbonger, lakris, glasur, perlesukker, kaffebønner med sjokoladetrekk ++

Lyd og video

  • Høyr: Kokk Terje Skaar pyntar peparkakehus og gir gode råd i studio.