Hopp til innhold

Drifta framleis usikker

Direktoratet trugar med å halda tilbake statsstøtte.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Laurdag såg det ut til at situasjonen ved John Bauer var avklart.

Dei tilsette overtok eigaransvaret ved skulen i Bergen, og drifta skulle helda fram.

Krev 3,3 millionar

Men i går tok saka ei ny vending. I eit brev ber utdanningsdirektoratet om ei redgjering for drifta ved skulen.

Og no trugar direktoratet med å halde tilbake statsstøtte om ikkje dei 3,3 millionane ikkje er betalt innan 1. august.

Den nye hovudeigaren, Bård Tronvoll, meiner kravet er urimeleg.

- Inntil eit endelig vedtak er fatta, synes eg det vil vera merkeleg viss dei krev tilbakebetaling.

Skulen satsar for fullt

Leiinga ved skulen satsar no for fullt på å få i gang ei god drift innan skulestart. NRK har blitt informert om at nokon elevar framleis usikre på kor dei skal gå på skule frå hausten.

Og eigar Bård Tronvoll garanterer at det blir skulegang, også frå hausten. Men han tek eit atterhald.

- Det einaste som kan forhindra det må være utdanningsdirektoratet.