Hopp til innhold

Dopa ned eldre på sjukeheim – politiet vil legge vekk saka

Sjukepleiaren var ikkje tilrekneleg då ho gav antipsykotiske medisinar til fire sjukeheimspasientar i Bergen.

Ladegården sykehjem i Bergen

SJUKEHEIM: Det var på Ladegården sjukeheim i Bergen at kvinna dopa ned eldre pasientar.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Den 44 år gamle kvinna erkjente å ha dopa ned fire eldre pasientar på Ladegården sykehjem i Bergen i påska i år.

Etter å ha etterforska saka gjennom våren og over sommaren har politiet no konkludert med å legge vekk saka mot henne.

Årsaka er at den rettsmedisinske vurderinga konkluderer med at sjukepleiaren ikkje var tilrekneleg då ho gav antipsykotiske medisinar til pasientar for å roe dei ned, skriv Bergens Tidende.

– Vi har også vurdert tvungen behandling i form av psykisk helsevern. Men vi meiner det ikkje er vilkår for å legge ned påstand om det i denne saka, seier politiadvokat Cathrine Krohn ved Vest politidistrikt til avisa.

– Gjorde det ikkje for å skade

Kvinna vart i april sikta for kroppsskade, og alle dei fire pasientane vart sende til Haukeland universitetssjukehus.

44-åringen var nattevakt og einaste person på jobb ved sjukeheimen då neddopinga skjedde. Då tilsette kom på jobb om morgonen, slo dei alarm då fleire av pasientane var uvanleg trøytte.

Sjukepleiaren har sagt til politiet at ho ikkje dopa ned pasientane for å skade dei, men for å roe dei ned på ei krevjande vakt.

– Dette er ei svært alvorleg sak med stort skadepotensial, seier politiadvokat Krohn til NRK.

Forsvarsadvokat Laila Kjærevik fortel at kvinna har vore sjukemeld sidan ho slapp ut av varetekt.

– Dette har vore ei svært tung og vanskeleg sak for henne, seier ho.