Oddekalv dømd til å betale 10 millionar

Kurt Oddekalv sitt selskap Miljødronningen AS er i Gulating lagmannsrett dømd til å betale nærare ti millionar kroner til Fjellstrand verft og Sparebank 1 Finans. Oddekalv er skuffa over retten si handsaming.

Kurt Oddekalv

VIL ANKE: Kurt Oddekalv seier hamn vil anke dommen til Høgsterett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Kravet gjeld betaling for leige av miniubåten som var om bord i skipet Miljødronningen fram til namsfogden beslagla den. Miljødronningen AS har fått to veker på seg til å betale kravet.

– Eg er djupt skaka over lagmannsretten si handsaming av saka. No må vi anke saka til Høgsterett og håpe på ei meir rettferdig sakshandsaming der, seier Kurt Oddekalv.

Sleit med å betale leiga

Saka har pågått sidan starten av 2008 då Oddekalv sitt firma inngjekk avtale med Fjellstrand AS om at Miljødronningen AS skulle leige ein ROV, ein fjernstyrt miniubåt, frå Fjellstrand.

Miniubåten har blitt brukt i samband med Norges Miljøvernsforbund sitt arbeid med å dokumentere forureining og miljøskadelege utslepp.

Miljødronningen fekk etter kvart problem med å betale leige til Fjellstrand, og det er semje mellom partane at betalingane ikkje vart gjort i tråd med leigeavtalen. I 2011 gav namsfogden Fjellstrand og Sparebank 1 SR Finans rett til å ta beslag i miniubåten.

– Vi er mus i høve til Fjellstrand. Dei har teke ut miniubåten under feil påskot og i tillegg seld den vidare der den har vore i bruk i eit år. Og likevel skal vi betale nesten ti millionar kroner som erstatning for ein avtale som dei sjølv har brote, så eg må seie at eg er skaka. Eg er veldig skuffa over lagmannsretten, seier Oddekalv etter at dommen fall torsdag.

(Saka held fram under biletet)

Miljødronningen

UTAN UBÅT: Skipet miljødronningen måtte gi slepp på miniubåten i 2011, då Namsfogden tok beslag i den.

Foto: Anders Løberg, Miljøvernforbundet

Hevdar han eig miniubåten

Seinare i 2011 tapte Oddekalv i Bergen tingrett og vart dømd til å betale åtte millionar kroner til Fjellstrand for ubetalt leige av miniubåten. Oddekalv meiner miniubåten høyrer til Miljødronningen etter kjøpsavtale frå 2010, men det avviser verftet og banken.

Etter at saka vart anka til Gulating lagmannsrett auka kravet frå saksøkaren til rundt ti millionar kroner i leige, renter og sakskostnader. Torsdag vart kravet teke til følgje i dommen.

Oddekalv seier han ikkje føler at retten har vore kompetent nok til å handtere dei sjøtekniske spørsmåla i saka.

– Eg hadde trudd det til kom til å vere ei meir grundig gjennomgang av saka i lagmannsretten enn i tingretten. Vi dokumenterte jo i lagmannsretten at Fjellstrand bløffa for retten då dei sa at dei ikkje hadde ein avtale om at vi skulle kjøpe miniubåten for 4,2 millionar kroner. I tillegg blei det ikkje vektlagd at vi faktisk prøvde å betale dette og selde huset i Marken for å få pengar til å betale, seier han.

Namsmannen aksjonerte mot Oddekalv

FJERNAR UBÅTEN: Her er namsfogden på plass for å fjerne miniubåten frå Miljødronningen i 2011.