Gerd-Margrethe Juvik fekk avslag på si klage, og meiner hennar sak ikkje har fått ei uavhengig og nøytral handsaming.
Ho er svært overraska, og meiner praksisen er heilt uakseptabel.
- Det blir ikkje handsama på ein skikkeleg måte. Dei som sit i klagenemnda kan jo overhovudet ikkje vera med å leggja sakene fram for same nemnda, seier ho.
Juridisk gråsone
Professor ved juridisk fakultet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, støttar kritikarane som meiner at kommunestyremedlem Lasse Solberg frå Høgre har ei dobbeltrolle. Han meiner klagenemnda opererer i ei juridisk gråsone.
- Det er uheldig at ein og same person får hovudansvaret med å utreia ei sak, og etterpå er med på å treffa vedtak i same saka. Det hadde vore ryddigare om denne personen ikkje hadde sete i nemnda, meiner han.
- Fleire fordelar enn ulemper
- Me ser ikkje at det er noko juridisk i vegen for at han kan ha begge desse funksjonane samstundes, seier jurist i Askøy kommune, Erik Kjær Mjøs.
Korkje Lasse Solberg eller rådmannen i Askøy kommune ønskjer å kommentera saka til NRK.
Mjøs meiner klagenemda er kompetent til å gjera vedtak, men kommunejuristen ser likevel at det kan vera uheldig at ein og same person kan påverka saka to gongar.
- Me har vurdert ordninga med Lasse Solberg, og meiner at me har funne fleire fordelar enn ulemper med ordninga, fortel jurist Erik Kjær Mjøs.
Gerd-Margrethe Juvik fekk avslag på si sak i klagenemnda. Juvik har no klaga vedtaket inn til Fylkesmannen for å få slutt på det ho meiner er eit samrøre.