Hopp til innhold

Framtidsklima allereie: Arktiske byar er fem grader varmare enn omlandet

Fleire byar nord i Skandinavia og Sibir er fem grader varmare enn områda rundt dei. Slik kan forskarar studera korleis Arktis vil sjå ut i framtida.

Murmansk februar 2014

VARMARE I BYANE: Dette biletet av Murmansk frå 2014 er frå ein klimarapport frå universitetet i Moskva, som syner at sentrum av byen er fleire gradar varmare enn like utanfor bykjernen.

Foto: Pavel Konstantinov, Moscow State University and Belmont Forum project HIARC

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det er ganske kalde omgjevnadar. Men somme stader finn me varme flekkar, seier Igor Ezau.

Klimaforskaren ved Nansensenteret i Bergen viser oss eit satellittbilete over Arktis. Fargane viser temperaturar. Sibir er blått, Kanada gult og Skandinavia raudt.

Men når Ezau zoomar inn på Aust-Sibir, dukkar det opp noko interessant: Raude «øyar» i eit hav av blått. Det er byar, eller det klimaforskarane kallar «urbane varmeøyar».

Igor Ezau ved Nansensenteret viser eit døme på "urbane varmeøyar" i Arktis

FRAMTIDA ER NO: Klimaendringane Nord-Noreg og Arktis vil få dette hundreåret har allereie skjedd i mange nordlege byar der energibruken gir eit lokalt klima opptil fem grader varmare enn nærområda, seier forskar Igor Ezau ved Nansensenteret.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

3-5 grader varmare allereie

Ezau og kollegaene hans utnyttar dette til å forska på framtidas klimaendringar.

– Arktis blir raskt varmare, og modellar viser at klimaet vil bli 3-5 grader varmare i løpet av dette hundreåret. Både økosystema og dei økonomiske moglegheitene vil endra seg dramatisk, seier Ezau.

Det blir mindre is – og meir vegetasjon.

Men «varmeøyane» viser at byar nord i Skandinavia, Kanada og Sibir – som Murmansk eller Trømsø – allereie i dag kan ha 3-5 grader høgare temperatur enn naturen rett utanfor.

Menneskeleg energibruk i byar gjer det lokale klimaet varmare enn i grisgrendte strok eller villmark. Atmosfæriske forhold gjer at denne varmen blir liggande i og nær byane.

Apatity 2015

VARMARE I SENTRUM: Målingar tatt i den sibirske byen Apatity i 2015 syner at det er fleire grader varmare i sentrum av byen enn i omgjevnadene.

Foto: PAVEL KONSTANTINOV, MOSCOW STATE UNIVERSITY AND BELMONT FORUM PROJECT HIARC

Funna til Ezau har støtte i andre studiar. Ein rapport frå George Washington University i 2015 synte at temperaturen i Sibir hadde auka med opptil to grader berre sidan 70-talet.

I 2006 viste forskarar frå universiteta i Cincinnati og Delaware at landsbyen Barrow i Alaska var i gjennomsnitt to grader varmare enn omlandet.

– Høghus kollapsar

Forskarane kan bruka byområde i Sibir og Skandinavia som «levande laboratorium» og observera effektar på økologi og samfunn som kanskje svarar til klimaeffektar resten av Arktis vil ha om 80 år – til dømes minkande permafrost og endra vegetasjon.

Byområda i Arktis har eit klima ulikt omgjevnadane, og meir likt det klimaet me ventar i ei varmare verd i framtida.

Igor Ezau, Nansensenteret

Igor Ezau seier prosjektet er minst like viktig for å finna ut korleis arktiske byar kan bli tilpassa klimaendringane på ein berekraftig måte.

Til dømes ser ein allereie i dag døme på at vegar og høghus kollapsar når det blir mindre permafrost i bakken, fortel han.

– Relevant for oljefritt Noreg

Sjølv om klimaet nord i Skandinavia sjølvsagt er mykje varmare enn i Aust-Sibir, er også nordnorske byar varmeøyar i høve til sine omgjevnadar.

Dessutan har ein del norske byar liknande utfordringar som sibirske, noko som gjer at forskinga på varmeøyane vil gi viktig kunnskap for klimatilpassing i Noreg.

– Mange byar i Sibir er bygd utelukkande rundt olje- og gassproduksjon. Korleis dei skal overleva som samfunn når kol, olje og gass må fasast ut, er ei utfordring som også ein del norske byar, og ikkje minst Svalbard, har. I Nord-Noreg, som i Sibir, er det ikkje mange andre aktuelle arbeidsplassar, seier Igor Ezau.