Hopp til innhold

Denne husbåten er ulovleg – no kan reglane ramma fleire

Ein flytande bustad er ulovleg, meiner Bergen kommune. Det kan ramma mange hundre nordmenn som ligg til kai med fast bustad.

båt01

ULOVLEG: Joannis Frogudakis sin flytande bustad i Store Lungegårdsvann er ikkje lovleg, meiner Bergen kommune og fylkesmannen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg har prøvd å gjere alt som er mogleg. Det finst ingen plass for oss her i Bergen, seier husbåteigar Joannis Frogudakis.

I fjor fortalde NRK om familiefaren som hadde kjøpt ein flytande bustad og lagd den på Store Lungegårdsvann. Då Frogudakis søkte Bergen kommune om å kople husbåten til det kommunale avløpsnettet i Bergen, bestemte kommunen at heile bustaden var ulovleg plassert.

Ulovleg

Etter fleire klagerundar mot Bergen kommune og fylkesmannen i Hordaland, har assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane no tatt endeleg avgjerd og avvist klaga frå Frogudakis.

Joannis Frogudakis i husbåt

TRIST: Joannis Frogudakis meiner det er ein glimrande idé å bu på vatnet, og synes det er dumt at kommunen ikkje er einig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me har kome til at dette er ein permanent konstruksjon, som dermed er søknadspliktig og i strid med arealplanen. Husbåten ligg ikkje lovleg til, forklarar assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar Hæreid.

Dette kan få følgjer for eit ukjend tal personar som bur permanent i farkostar her i landet. Den assisterande fylkesmannen fortel at dei ikkje gjer forskjell på ulike typar båtar.

– Ein må søkje om å ha husbåtar liggande lengje på lik linje med å føre opp eit vanleg hus i ein hage. Ei gamal ferje som blir brukt permanent som bustad skal vurderast på same måte, forklarar Hæreid.

Han seier det avgjerande er kor lenge farkosten skal liggje i ro.

– Dette er eit enkelt prinsipp etter plan- og bygningslova. Kommunedelplanen opnar ikkje for at det skal vere bueiningar i sjøen.

– Båt, ikkje hus

– Rundskrivet som fylkesmannen viser til seier at det er ein flytande overgang mellom konstruksjon og vanlege fritidsbåtar. Vi hadde håpa at dei skulle helle i retning av at dette er ein båt, seier Pål Heldal, som er advokat for Frogodakis.

Han trur ikkje siste ord i saka er sagt.

– For andre som skal søke om å bu i båt framover vil eg tru dette får konsekvensar, seier Heldal.

Båt03

HUSBÅTSTOVE: Frogudakis har innreda stova i husbåten som ein normal heim.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Veit ikkje kor mange som bur i båt

Bergen kommune har ikkje ei oversikt over kor mange som bur fast flytande ved kai i Bergen.

Per-André Wiberg i firmaet Flytende Bolig sa til NRK i fjor at det budde over 100 personar i flytande bustadar berre i Damsgårdssundet.

Assisterande fylkesmann Hæreid meiner å bu flytande må inn i faste former.

– Dei største byane i landet vårt ligg ved sjøen. Ein må ha kontroll på om ein skal laga ein husbåt-by utanpå den eigentlege byen eller ikkje, seier han.

Spørsmålet om husbåtar blir truleg eit tema når byrådet i Bergen presenterer sitt forslag til kommunedelplan før påske.