Hopp til innhold

Dette er Anne sin heim – rett utanfor Bergen

– Eg er spent på om eg blir sjøsjuk, seier Anne Gunn Rosvold, rett før ho flyttar inn i sin unike husbåt.

Endeleg kan Anne Gunn Rolsvold flytta inn i sin nye, flytande heim!

SJÅ VIDEO: Anne Gunn Rosvold har fått oppfylt draumen om å bygge seg ein heilt spesiell husbåt.

– Eg har aldri budd på sjøen, så eg veit faktisk ikkje om eg blir sjøsjuk. Får jo håpe at eg slepp å leve på sjøsjuketablettar eller raudvin, ler bergensaren Anne Gunn Rosvold.

Den nye heimen hennar er 60 kvadratmeter stor og skal vere sjølvforsynt med energi, mellom anna gjennom bruk av solcellepanel.

I tillegg til stove og kjøkken inneheld husbåten tre soverom, bad og eit teknisk rom. Fleire av veggane inne i båten fungerer som skap og kan flyttast på, slik at ho kan endre rominndelinga.

Anne og husbåten er med i tv-programmet Draumehuset, der heile byggeprosjektet er følgt.

Ved kai i Damsgårdsundet

Anne har fått båtplass i Damsgårdsundet i Bergen.

Foto: Tove Lise Mostad

Tok sju månader å bygge

– Det var for nokre år sidan at firmaet Flytende Bolig her i Bergen kom med nokre idear, og då tenkte eg at dette her er jo faktisk eit mobilt hus, og at det måtte jo vere ein draum å bu slik, fortel Anne til NRK.

Husbåten er teikna av den finske designaren Guy Lönngren. Den er bygd på to ulike verft i Polen, og Anne har følgt prosessen tett. Prislappen er på rundt 2,7 millionar kroner.

Anne sin båt har katamaranskrog og blir styrt oppe frå taket. To påhengsmotorar sørgar for ein maksfart på 8 knop.

Sjølve byggeprosessen tok om lag sju månader, men heile prosjektet har teke fleire år. Det tok lang tid å finne den rette designaren og produsenten, og Anne hadde òg klare ønske om korleis ho ville ha det.

Frå produsksjonen i Polen

Båten er produsert i Polen og vart frakta til Bergen på eit lasteskip.

Foto: Siv Helberg / NRK

Store utfordringar

Det er fleire ting som er krevjande med ein husbåt. Sidan båten ikkje er å rekne som fast eigedom, får ein ikkje eit vanleg bustadlån. Det betyr større krav til eigenkapital og høgare rente på eit lån til ein husbåt.

– På vanlege hus har du sannsynlegvis ei verdiauke over tid. Når du låner pengar til ein båt vil verdien vanlegvis halde seg dårleg. Dette er hovudgrunnen til at bilar og båtar har ein annan lånekalkulator enn bustader, seier kommunikasjonsrådgjevar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB.

Husbåt

Båten er innreia med stove, kjøkken, tre soverom, bad og teknisk rom.

Foto: Siv Helberg / NRK

Endeleg i hamn

Anne elskar å vere på sjøen, og gler seg til å reise rundt med den nye bustaden sin.

– Eg føler at dette er ein stor ting i livet. Eg har tenkt lenge på å gjere dette, og no føler eg at eg er akkurat der eg vil vere.

– Det er ein veldig stor friheit å bu slik. Eg har både hus og hage som eg kan ta med meg akkurat der eg vil vere, seier den ferske husbåteigaren.

  • Sjå heile historia om husbåten i programmet Draumehuset:
Norsk livsstilserie. Bergensjenta Anne Gunn Rosvold har lenge hatt ein draum om å bu i ein husbåt. No vil ho få bygd ein moderne bustad som ho kan ta med seg på tur. Å realisere draumen om sitt eige hus, er både spanande og krevjande. Programleiar Frode Søreide har følgt seks norske familiar frå byggeprosessen startar til draumehuset står ferdig. (2:5)

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)