NRK Meny
Normal

Her demonstrerer dei mot reklame i Bergen

Ved Musikkpaviljongen i Bergen demonstrerte folk i dag mot Byrådet sitt framlegg om å tillate reklame i Bergen sentrum.

reklamedemonstrasjon

– JA TIL REKLAMEFRI BY: Dei frammøtte ved Musikkpaviljongen i Bergen demonstrerte i dag mot byrådet si innstilling om å tillate reklame i deler av det offentlege rommet i Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Eg vil ikkje at eg og barna mine skal bli utsett for eit kjøpepress døgnet rundt. Eg tykkjer det er heilt forkasteleg, seier Ann-Kristin Ramstrøm.

rekalmedemonstrasjon

VIL IKKJE HA KJØPEPRESS: Ann. Kristin Ramstrøm hadde saman med familien møtt opp for å syne si misnøye med framlegget frå byrådet i Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Saman med mannen og barna møtte ho i dag opp på Musikkpaviljongen i Bergen for å demonstrere mot Byrådet sitt forslag om å selje deler av byrommet i byen som reklameplass.

– Viss byen blir full av reklame så øydelegg det mykje av sjarmen til Bergen. Det øydelegg den identiteten byen har, seier Ramstrøm.

Blant dei frammøtte i dag var forfattarar, musikarar og andre kunstnarar som Laurie Grundt, Karianne Drangsland, Rolf Enger og Erlend O. Nødtvedt, som synte si misnøye med forslaget som vert avgjort i Bystyret neste veke.

Kan bli reklame i store deler av Bergen

Reklameprotest i Bergen sentrum

PROTESTAR: Førre veke blei Bergen sentrum tapetsert med protestplakatar mot reklame i byen.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

For ni år sidan blei det bestemt at Bergen skulle haldast fri for reklame i offentlege rom. Men no ber byrådet om at bystyret seier ja til omfattande reklame i store delar av Bergen sentrum.

Det meste av Bergen kan verte opna for reklame, også det historiske bysentrum i byen. Unntaket er Torgallmenningen, Torget og området rundt kunstmuseuma ved Lille Lungegårdsvann.

Forslaget om å få reklame på mellom anna bussar, skur, bysyklar og på byromsmøblar fall ikkje i god jord for ni år sidan. I 2005 blei stemninga svært tilspissa då Clear Channel ville kjøpe seg reklameplass fleire stadar i Bergen. Når politikarane igjen fremjar forslaget, vekker dette protestar.

LES OGSÅ: Massiv reklameprotest i Bergen - Hordaland

– Ti millionar for å selje byen er småpengar

Sondre Båtstrand i Miljøpartiet dei grøne er klar på at forslaget om å opne for reklame i byrommet ikkje er udramatisk.

Sondre Båtstrand

– KAN IKKJE SELJE BERGEN: – Me må ta vare på Bergen, ein fantastisk vakker kulturby som me ikkje må forsøple med reklame, seier Sondre Båtstrand i Miljøpartiet dei grøne.

– Me må ta vare på Bergen, ein fantastisk vakker kulturby som me ikkje må forsøple med reklame.

– Er det eigentleg så farleg om ein får reklameplakatar rundt om i byen?

– Det blir massivt, det er snakk om 750 punkt i Bergen. Du vil sjå dei medan du ventar på bussen, mens du sit på bussen, det blir skjermar på bybanen, det kjem til å påverke oss heile tida. Det treng me ikkje meir av.

Eit argument hevda av forkjemparane for reklame er at Bergen kommune treng pengane. Det argumentet held ikkje, meiner Bråstad.

– Det er snakk om ti små millionar av eit budsjett på fleire milliardar. Dette er småpengar.

LES OGSÅ: – Bybanen bør sparast for reklame - Hordaland

– Reklame er tigging

Rolf Enger hold ein av dagens appellar der han samanlikna kampen mot reklame med kampen mot tigging.

– Reklame er å tigge om pengar, sa han i dag.

Enger synte til at regjeringa no vil opne for tiggarforbod, og spurte seg og tilhøyrarane om ikkje vedtaket om forbod mot tigging også bør få konsekvensar for vedtaket om reklame.

Fleire av dei frammøtte blant demonstrantane i dag, meinte omsynet til byrommet må gå føre behovet for meir pengar til kollektivtransport og offentlege toalett.

– Bergen er ein av byane i Norge med det mest fantastiske byrommet. At ein skal selje dette for billige pengar tykkjer eg er stor skam. Det må vere andre måtar ein kan skaffe offentlege toalett og bysyklar på.

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.
Nyheter og reportasjer fra Hordaland og Sogn og Fjordane