Berre i den sørlege delen av fjorden har Forsvaret kartlagt 40 vrak. Dette er berre byrjinga, sier Arild Marøy Hansen ved Sjøfartsmuseet i Bergen.
Minst 40 vrak
«Hugin» er eit fartøy som er bygd for å finna miner. Fartøyet ser også skipsvrak, der nede på 350 meters djup.
Amanuensis Arild Marøy Hansen har no eit kart med nøyaktige posisjonar for 40 skipsvrak i søre del av Byfjorden.
Vil fotografere alle
Ubåten Nautilus, som det blei dykka ned til med ein tysk miniubåt for to veker sidan, er eitt av vraka.
Neste steg no, er å få tatt bilder av dei enkelte vraka, slik at ein kan fastslå identiteten. Det er ein svært kostbar affære og arbeidet kjem difor til å ta tid.