Hopp til innhold

Vart vekka av hunden då huset byrja å brenne

MATHOPEN (NRK): Jan Herman Dvergsdal og familien kom seg trygt ut då det braut ut kraftig brann i heimen deira.

Jan Herman Dvergsdal

REDDA SEG UT: Jan Herman Dvergsdal vakna til brann i huset sitt 1. juledag. Han fekk både kona og dottera ut i tryggleik.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Meldingane om brannen i Hillerenveien i Mathopen, vest i Bergen, kom inn klokka 10.10 1. juledag.

I huset budde tre personar. Jan Herman Dvergsdal låg og sov og fortel at han vart vekka av hunden Nico.

– Eg høyrde fleire kraftige smell og lurte på kva det var. Då stod eg opp, gjekk ned til ytterdøra og opna den. Då slo flammane mot meg. Det var eit sjokk, seier Dvergsdal til NRK.

Han står på terrassen sin i slåbroka og er prega av det familien har opplevd. Det var dramatiske minutt då han forstod heimen deira var i full fyr.

Brann i Hillerenveien i Mathop

KRAFTIG BRANN: Alle i huset kom seg uskadd ut av huset då det byrja å brenna i kjellaren.

Foto: Nora Bratland / 03030-tipser

Fekk raskt kontroll

Han sprang opp igjen og fekk kona og dottera si ut av huset. Då hunden sprang inn igjen i bustadhuset, måtte han etter.

– Eg var sikker på heile huset skulle brenna ned, men brannmannskapa var kjapt på pletten, takkar Dvergsdal

Allereie klokka 10.30 hadde brannmannskapa kontroll på flammane. Klokka 11.00 var brannen sløkt.

Vakthavande sjef Kjell Ove Christophersen i brannvesenet bur ein kilometer unna, og var først på staden etter berre nokre minutt.

– Det var kraftig brann ut av ein bod som står under terrassen. Flammane strekte seg både ned mot garasje og opp mot vindauga i bustadhuset. Heldigvis hadde vi fleire bekrefta meldingar på at alle var komme seg ut, seier Christophersen.

Brannårsaka er førebels ikkje kjent, men brannen var mest intens i boden.

Brann i bustadhus i Mathopen 1. juledag

STORE SKADER: Familien får ikkje flytta heim igjen i dag. Bustadhuset har fått store skadar utvendig, men brannvesenet klarte å forhindra at heile huset brann ned.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Får ikkje flytta heim i dag

Familien i huset vart undersøkt av helsepersonell. Alle kom frå det utan fysiske skader. Jan Herman Dvergsdal takkar hunden Nico som vekka han då brannen hadde starta.

– Vi får ikkje flytte inn igjen i dag. Så får vi sjå kva som utløyste brannen. Eg mistenkjer kortslutning i noko elektrisk i boden, seier Dvergsdal.

Bustadhuset har fått store brannskadar utvendig på terrassen og under ved kjellaren.

SJÅ VIDEO: Det var kraftig røyk og store flammar då brannen braut ut.