NRK Meny
Normal

Bussjåførarane må gå på do i folks hagar og buskar

SOTRA (NRK): – Toalettilhøva til bussjåførane er uverdige, uhaldbare og under ein kvar kritikk, meiner dei tillitsvalde. No protesterer dei mot lange arbeidsdagar utan toalett.

Ørjan Takle, verneombod i Nettbuss

DOPROTEST: Dei elendige toalettilhøva går ut over sjåføranes trivsel, seier verneombod Ørjan Takle i Nettbuss.

Foto: Even Norheim Johansen/NRK

– Dette er eit problem, seier Jacek Charazla.

Polakken har køyrd buss i Hordaland i tre år. Ein fin jobb, meiner han, men når han startar arbeidsdagen sin på Sotra, veit han at neste toalettbesøk kan vera mange timar unna.

– Menn har det litt lettare, men vi har også damer her i selskapet. For dei er det eit endå større problem.

I buskane

Fleire stader i Hordaland er bussjåførar i opne konfliktar med naboar til aude snuplassar der det ikkje er toalett og ikkje pausebu. Når naturen kallar blir næraste busk løysinga for mange.

Charazla fortel om ein av mange episodar på jobb:

– Eg trudde kanskje det var kommunalt område. Men så kom grunneigaren og sa det var hans private eigedom. Eg beklaga og lova at det ikkje skulle skje igjen

På det stinkande toalettet på Hellesøy kjem ei svart sky av floger ut når ein går inn der.

Ørjan Takle, verneombod i Nettbuss

No har bussjåførane fått nok. Verneombod Ørjan Takle i Nettbuss frontar toalettkampen for 300 bussjåførar på Sotra og i Øygarden.

– Verst er det kanskje på Hellesøy. Der er det ganske tettbygd, og få andre alternativ enn å bruka det stinkande toalettet der. Det kjem ei svart sky av fluger ut når ein går inn der.

Bussjåfør Jacek Charazla

PROBLEM: – Naboen kom og sa det var hans private eigedom. Eg lova at det ikkje skulle skje igjen, fortel Jacek Charazla etter eitt av mange dobesøk i buskane.

Foto: Even Norheim Johansen/NRK

– Nedverdigande

I eit ope brev til fylkespolitikarane har tillitsvalde og verneombod frå busselskapa sendt eit samla krav om strakstiltak for å få betre tilhøve på dei toaletta som er, og få fleire toalett i distrikta.

– Enkelte stader har grunneigarane det nærast som hobby å hindra folk å gjera sitt på deira eigedom. Det er ein nedverdigande situasjon i 2017.

Menn har det litt lettare, men vi har også damer her i selskapet.

Jacek Charazla, bussjåfør

Takle og kollegaene meiner at det fylkeseigde selskapet Skyss må gjera meir.

– Slik bussbransjen no er innretta, med korte anbodsrundar, må ansvaret ligga hjå fylket.

– Eg synest jo dette er direkte flaut, seier Terje Søviknes, gruppeleiar for Frp i fylkestinget.

Han blir truleg blir statsråd for olje, gass og energi i morgon. Den siste saka han uttaler seg om i hordalandspolitikken kan bli ei dritsak som inkluderer gassutslepp i kollektivtrafikken.

Terje Søviknes

UTSLEPPSSAK: Gruppeleiar Terje Søviknes for Frp må handtere ei litt spesiell utsleppssak også dagen før han blir olje- og energiminister.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er heilt sikkert mogleg å setja opp brakkeliknande løysingar. Her må ein berre handla.

Lovar løysing

Fylkesadministrasjonen har fått i oppdrag å betra situasjonen, og fylkesrådmann Rune Haugsdal lovar sjåførane eit raskt resultat.

– Vi kan ikkje vera nøgde med dette. Vi skal gjere vårt for å leggja til rette på ein god måte. På kort sikt må me raskt få etablert noko midlertidig.

Enkelte grunneigarar har som hobby å hindra bussjåførar å gjera sitt fornødne på deira eigedom.

Ørjan Takle, verneombod i Nettbuss

I mellomtida har bussjåfør Jacek ein reserveplan klar. På ein av dei mest trafikkerte endestoppane på Sotra, slepp han å bruka busk og kratt.

– Viss eg har dette problemet, ringer eg ein ven som bur fem minutt unna, og drar innom han.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017