NRK Meny
Normal

Bussjåfør tiltalt for aktlaust drap

I februar omkom ein 26 år gammal mann etter å ha blitt påkøyrt av ein buss i Olav Kyrres gate i Bergen. No må bussjåføren møte i retten, tiltalt for aktlaust drap.

Ulykke i Bergen sentrum

MÅ MØTE I RETTEN: Bussjåføren i tjueåra må møte i retten, tiltalt for uaktsamt drap på ein 26-år gammal mann. Ulukka skjedde i Olav Kyrres gate i Bergen natt til 23. februar i år.

Foto: Ina-Kristin Lindin

Natt til 23. februar i år blei ein 26 år gammal mann påkøyrt av ein buss i Olav Kyrres gate i Bergen. Mannen døydde av skadane han fekk.

Bussjåføren, ein mann i 20-åra, er no tiltalt for aktlaust drap, melder BT.no.

I tiltalen skal det stå at sjåføren var uoppmerksam og ikkje registrerte at mannen gjekk eller sprang ved sidan av bussen medan han hang fast i døra. 26-åringen skal til slutt ha mista balansen og falle under hjula.

NRK har ikkje klart å komme i kontakt med forsvararen til den tiltalte sjåføren.

LES OGSÅ: – Ulykken er en ufattelig tragedie

Passasjerane merka ikkje ulukka

Ulukka skjedde i 02.30 tida natt til 23. februar, då leddbussen svinga inn i Olav Kyrres gate.

Verken sjåføren eller nokre av dei 45 passasjerane som sat på bussen skal ha merka at 26-åringen hamna under bussen, og sjåføren køyrde vidare etter ulykka.

Politiet følgde etter bussen, og fekk stoppa den i Gravdal i Laksevåg, nokre kilometer vest for Bergen sentrum.

Sjåføren blei fråteken førarkortet etter ulukka.

Xhibition og Olav Kyrres gate

OLAV KYRRES GATE: Det var her mellom kjøpesentera Xhibition og Galleriet i Bergen sentrum at ulukka skjedde 23. februar i år.

Foto: unknown / NRK

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo