Hopp til innhold

Ulukkesbussen kan ha køyrt ulovleg

Bussen som natt til søndag var involvert i dødsulukka i Bergen sentrum hadde ikkje turvognløyve. Klubben Festtrafikk kan dermed ha drive ulovleg persontransport.

Ulykke i Bergen sentrum

DØDSULUKKE: Ein 26 år gammal mann døydde etter å ha blitt påkøyrd av ein buss i Olav Kyrres gate i Bergen natt til søndag.

Foto: Ina-Kristin Lindin

Natt til søndag blei ein mann påkøyrd av ein buss i Olav Kyrres gate i Bergen. Den 26 år gamle mannen som blei påkøyrd døydde av skadane.

Det var ein privateigd buss som blir drifta av Klubb Festtrafikk på Sotra som køyrde på mannen.

– Oppfatta ikkje at krava omfatta oss

For å driva med transport av personar og få vederlag for dette må ein ha køyresetel, rutetransport- eller turvognløyve og yrkessjåførløyve. Dette får NRK opplyst frå Statens vegvesen, politiet og samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

Klubb Festtrafikk er ikkje organisert som eit firma. Nokre av sjåførane til Klubb Festtrafikk har hatt yrkessjåførløyve, og nokre av dei kan ha hatt køyresetel, men bussen hadde ikkje turvognløyve.

Eg har ikkje køyresetel eller yrkessjåførløyve, men eg kan ikkje uttala meg om kva dei andre som har vore sjåfør for bussen har.

Robert K. Sæle i Festtrafikk

– Eg har ikkje køyresetel eller yrkessjåførløyve, men eg kan ikkje uttala meg om kva dei andre som har vore sjåfør for bussen har, seier Festtrafikk-medlem Robert K. Sæle til NRK.

Han vil heller ikkje uttala seg om sjåføren som køyrde bussen natt til søndag hadde køyresetel eller yrkessjåførløyve.

– Sidan me er ein klubb som driv med eigentransport og ikkje driv kommersielt, har me forstått det slik at krav om køyresetel, turvognløyve og yrkessjåførløyve ikkje omfattar oss, seier Sæle.

– Tryggleiken har alltid stått i høgsetet hos oss, og alt er gjort i god tru, seier han.

LES OGSÅ: – Ulykken er en ufattelig tragedie

Passasjerar har betalt for diesel

Finansieringa av bussdrifta til Klubb Festtrafikk har ifølgje klubben fungert som eit spleiselag, der dei som har vore med på turar med bussen har vore med og betalt for diesel og driftsutgifter. Kor mykje passasjerane har betalt, har variert.

– Det har vore forbeholdt ein vennegjeng som har vore medlemmer i Klubb Festtrafikk, og me har ikkje drive kommersielt, forklarar Sæle.

Frå Kontrollseksjonen i Hordaland politidistrikt får NRK opplyst at ved persontransport mot vederlag, blir det stilt krav om køyresetel. Dette står i Yrkestransportlova.

– Det sentrale er om det blir gitt vederlag for transporten. Omfanget eller samanhengen det skjer i, seier lova ingenting om, seier gruppeleiar Kristina Caldwell i Kontrollseksjonen.

Ho vil ikkje kommentera bussen til Klubb Festtrafikk, og seier at etterforskingsavdelinga må svara på spørsmål som gjeld denne bussen.

Skal avhøyre fleire vitne

– Vi er heilt i starten av ein relativt omfattande etterforsking. Mykje arbeid står att, og eg vil ikkje seia meir om kva sider av saka vi jobbar med, seier etterforskingsleiar Leif Havre.

– Kva vil de gjera dersom det syner seg at papira ikkje er i orden?

– Det vil eg ikkje kommentera no. Vi ser på mange sider av saka, seier Havre.

Politiet ser føre seg at dei vil avhøyre vitner i fleire dagar framover.

– Vi held på å lage ei ny liste, og stadig nye namn dukkar opp. Vi håpar dei kan bidra til at vi kan finna ut kva som verkeleg har skjedd her, seier etterforskingsleiaren.

LES OGSÅ: Politiet: 26-åringen hang trolig fast i bussen | Bussjåfør siktet for uaktsomt drap

– Vederlag er eit vidt omgrep

Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen opplyser at det ut frå Yrkestransportlova er låg terskel for at krav om turvognløyve skal bli gjeldande.

– Vederlagsomgrepet rett svært vidt. Departementet slår fast at ei kvar yting som representerer ein økonomisk verdi blir rekna som vederlag, det er ikkje eit krav at motivet er å oppnå forteneste, skriv seksjonsleiar Rolf Rosenlund i samferdsleavdelinga i ein e-post til NRK.

Han opplyser vidare at fylkeskommunen sin kjennskap til den aktuelle bussen ikkje er tilstrekkeleg til at dei kan konkludera med om den fell under løyveplikta, men Rosenlund stadfestar at bussen ikkje har turvognløyve i dag.

– Er det aktuelt for dykk å sjå nærare på om bussen hadde alt i orden?

– Dette er ei politisak, og me vil difor ikkje uttala oss om denne konkrete saka, seier Rosenlund.

Også private treng yrkessjåførløyve

Robert K. Sæle er altså ein av sjåførane av bussen som ikkje har hatt yrkessjåførløyve.

– Eg har spurt fleire i vegvesenet om korleis reglane for yrkessjåførløyve skal tolkast, og det er store sprik i tolkinga. Ingen av svara eg har fått tilseier at eg har gjort noko eg ikkje har hatt lov til, seier han.

Me har alltid handla i god tru.

Robert K. Sæle i Festtrafikk

Når ein utfører persontransport, og det er ei form for vederlag involvert, er det ifølgje Statens vegvesen krav om yrkessjåførløyve.

– Når ein transportør eller eit firma tar betaling for å utføra transport, er det eit vederlag inne i biletet for å utføra transporten. Då blir det kravd yrkessjåførkompetanse av førar uansett om føraren mottek nokon form for vederlag eller ikkje, seier Gaute Ulsakerhaugen i Statens vegvesen.

– Må persontransporten skje i kommersiell regi for at kravet om løyve skal gjelda?

– Er det nokon form for vederlag inne i biletet, så gjeld kravet om yrkessjåførkompetanse, uansett om det går føre seg i yrkessamanheng eller privat, seier Ulsakerhaugen.

– Har handla i god tru

– Kva er din kommentar til at de kan ha mangla nokre løyve?

– Me har alltid handla i god tru. Me er ein vennegjeng som ikkje har drive kommersielt, seier Robert K. Sæle.

– Kva vil de gjera viss det syner seg at de har drive ulovleg?

– Me vil i så fall ta den prosessen med dei som måtte meina det. Viss me har gjort noko feil, vil me leggja oss flate, men det er vanskeleg å seia noko om dette no, seier Sæle.

– Både politi og vegvesen har kjent godt til bussen vår, og etter det eg kjenner til har me aldri fått spørsmål frå nokon av dei om slike løyve, seier Sæle.