Hopp til innhold

Bussjåfør frifunnen etter dødsulukke

Sjåføren stod tiltalt for aktlaust drap, men tingretten meiner han ikkje kan klandrast for at ein 26 år gamal mann vart påkøyrd og omkom.

Ulykke i Bergen sentrum

FRIKJENT: Det var her i krysset mellom Småstrandgaten og Olav Kyrres gate at ein 26 år gamal mann i februar i fjor hamna under hjula på ein stor leddbuss. No er sjåføren av bussen frikjent for aktlaust drap.

Foto: Ina-Kristin Lindin

Det var natt til 23. februar i fjor at ein 26 år gamal mann mista livet etter å ha blitt påkøyrd av ein leddbuss i Olav Kyrres gate i Bergen sentrum. Mannen skal ha blitt hengande fast i ei dør, før han mista balansen og hamna under hjula på den lange bussen.

Verken den 25 år gamle sjåføren eller nokre av dei rundt 50 passasjerane skal ha merka at mannen hamna under bussen, og sjåføren køyrde vidare etter ulukka. Den sokalla partybussen vart kort tid etter stogga av politiet i Laksevåg.

Frifunnen

Føraren vart i haust tiltala for uaksomt drap, men dommen frå Bergen tingrett frifinn 25-åringen.

«På bakgrunn av det som er fremkommet finner ikke retten at tiltalte har utvist uaktsomhet i en slik grad at skyldkravet i strl. § 239 er oppfylt. Ulykken fremstår som svært upåregnelig», står det i den samrøystes dommen frå tingretten.

Dei meiner den tiltalte ikkje kunne sjå moglegheita av «det å kjøre fremover fra det røde lyset ved fotgjengerovergangen Torgallmenningen/DnB-bygget i meget sakte fart, [ ...] etter å sjekket speilene, men uten å ha reist seg fra setet, var uaktsomt og kunne føre til en dødsulykke» står det vidare.

Nekta straffskuld

Då rettssaka starta 3. mars forklara den tiltalte sjåføren at han stoppa på raudt lys i krysset ved DnB-bygget før han skulle svinge inn i Olav Kyrres gate. Medan han stod i ro, opna han døra for å sleppe på to personar som både sjåføren og eit anna vitne oppfatta skulle vere med bussen til Sotra. Deretter fekk han grønt lys og byrja på høgresvingen inn mot i Olav Kyrres gate.

– Eg hadde låg fart og følgde nøye med i speglane, men eg la ikkje merke til noko, forklara mannen ifølge Bergensavisen i retten. Han nekta straffskuld og avviste også at høg musikk i bussen var plagsamt for køyringa den natta.

I dommen slår tingretten fast sjåføren ikkje hadde nokon indikasjonar på at det var ein person på høgre side av bussen.

«Retten legger til grunn at fornærmede må ha oppholdt seg i bussen blindsone, altså bak fordøren og inntil bussens side, med den følge at tiltalte hverken så ham gjennom fordøren eller i speilet» står det i dommen.

– Ikkje uventa

Forsvarar Jon Olav Holvik seier til NRK at frifinninga ikkje kjem uventa.

– Dette er i tråd med det vi har hevda heile vegen. Dommen talar for seg sjølv.

25-åringen er frifunnen både etter straffelova og vegtrafikklova, men må betala ei bot på 5000 kroner for å å ikkje ha skifta ut ei diagramskive i bussen.