Fleire av dei som deltok i den dramatiske redningsaksjonen etter forliset, er skuffa over at Sjøfartsdirektoratet ikkje blir tiltalt etter forliset.
Øyvind Larssen var om bord på "Espeværekspressen", ein av båtane som var med på redningsaksjonen den kvelden. Han meiner Sjøfartsdirektoratet burde stillast til ansvar for å ha godkjent redningsutstyret ombord på Sleipner, -utstyr som viste seg å ikkje fungere.
Riksadvokaten gir Sjøfartsdirektoratet hard kritikk, men har likevel ikkje tiltalt direktoratet. Sjøfartsdirektør Rune Teisrud seier han vil lesa tiltalen nøye, før han tek stilling til fylgjene kritikken i Sleipner-tiltalen får for Sjøfartsdirektoratet.
Sjøfartsdirektøren seier det er vanleg at slike hendingar fører til regelendringar, men vil i dag ikkje peike på kva for reglar som bør endrast.