Hopp til innhold

Bru delvis kollapsa like ved huset til Bjørn: – Ubehageleg å sjå

FANA (NRK): Over 3000 bilar køyrer dagleg over brua på fylkesvegen. Torsdag kollapsa delar av ho. – Vegen toler ikkje all tungtrafikken, meiner nabo.

Bjørn Hope

SØKK: Bjørn Hope bur like ved brua som delvis har kollapsa. No skal vegen reparerast og asfalterast, før bilane slepp til igjen.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Fagfolk frå Statens vegvesen er fredag på plass i krysset mellom Hamrevegen og Kismulvegen på fylkesveg 167 i Fana, for å undersøke brua som delvis kollapsa torsdag kveld.

Om lag midt på brua har det oppstått eit tydeleg søkk på mellom 15 og 20 centimeter, og hundrevis av bilistar har måtta snu etter at sprekken oppstod. Fleire av dei har kome med tydelege meldingar om kva dei synest om vegen til Vegvesenet sine utsende på staden.

– Under brua er delar av vegkroppen vaska ut, slik at det har danna seg eit hòl under brua. Dermed er det vorte eit søkk i asfalten, forklarar Håkon Toverud, byggeleiar for Stor-Bergen i Statens vegvesen.

Han trur vatnet over lengre tid har grave med seg massar under brua.

Laster Twitter-innhold

– Mykje tungtransport

Det er no omkøyring via Fanavegen/Fanafjellsvegen og Osvegen.

For nabo Bjørn Hope er dette ein omveg. Huset hans står berre få meter unna brua som no er stengd.

– Vi er nesten innestengd, og må køyre ein omveg rundt Valle for å kome oss nokon veg.

Tal frå Statens vegvesen viser at det i snitt passerer mellom 3000 og 3500 bilar kvart døger i området ved krysset mot Kismulvegen.

Ifølge Hope har det vore knekk i brua også tidlegare.

– Det er andre gong at delar av brua har sige saman på ganske kort tid. Det er all trailertrafikken som er problemet, fordi dei store køyretøya må stoppe på brua for å kunne klare den ganske krappe svingen som kjem etterpå. Då vert det ei kraftig belasting på brua.

Hope meiner brua ikkje er dimensjonert for å tole all tungtrafikken, og at Vegvesenet burde bygge om heile konstruksjonen.

Måler sprekk på bru i Fana

KOLLAPS: Søkket midt på brua er mellom 15 og 20 centimeter djupt. – Dersom vi ikkje hadde stengd brua kunne søkket vorte djupare, og bilar kunne ha sete seg fast, seier Håkon Toverud i Statens vegvesen.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Tungtransport vil kunne vere med å påføre ristingar i vegen, men det er vanskeleg å seie kor mykje dette har påverka vegen. I utgangspunktet meiner vi det er vatnet som er årsaka til at dette har skjedd, seier Toverud i Vegvesenet.

Byggjeleiar hjå Statens vegvesen, Gebremichael Melake, bekreftar at brua i utgangspunktet er dimensjonert for tungtrafikk.

– Men det er ei gamal bru som treng vedlikehald, og vi har prosjektert for nye røyr under brua. Likevel trur vi ikkje tungtransport er hovudårsaka til det som no har skjedd.

Ferdig i løpet av helga

– Det er litt ubehageleg at slikt skjer, dersom ein tenkjer på at ein bil kan gå gjennom brua, seier Hope.

Torsdag kveld kom det meldingar om at det var fare for at heile brua kunne kollapsa. Ifølge Vegvesenet er det ikkje fare for det no.

– Men dersom vi ikkje hadde stengd brua og bilar framleis kunne køyre over, kunne søkket ha utvikla seg vidare, seier Toverud.

Brukollaps i Fana

HIT, MEN IKKJE LENGER: Fleire hundre bilar har vorte stoppa ved brua etter at den vart stengd torsdag kveld. Fleire får ikkje med seg skilta om at den er stengd, ifølge Vegvesenet.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Entreprenøren skal no grave ei grøft, for å sikre holrommet under brua. Sidan skal vegbana asfalterast på nytt.

– Truleg vil arbeidet vere ferdig i løpet av helga, og i alle fall til måndag morgon, seier Toverud.