Hopp til innhold

Her brenn den ulovlege hytta til 4,2 millonar

Ei seks år gammal strandsone-konflikt fekk sitt endelege punktum då brannvesenet brende den nesten 30 år gamle hytta ned. – Me må ha likskap for lova, seier plansjefen.

Ulovlig hytte ble revet ved hjelp av brenning i Fjell kommune i Hordaland.

SJÅ VIDEO: Brannvesenet gjennomførte ei kontrollert nedbrenning av hytta som måtte fjernast frå ein holme ved Angeltveirsjøen i Fjell kommune. VIDEO: KARI LANDRO

Eigaren av hytta som er taksert til 4,2 millionar kroner, tapte den lange kampen mot kommunen.

I sommar måtte eigaren sjå på at brannvesenet brende ned fritidsbustaden på ein holme i øykommunen Fjell i Hordaland.

Ulovleg hytte som måtte rivast

ULOVLEG: Frå 1986 til 2014 stod denne hytta på ein holme ved Angeltveitsjøen.

Foto: Fjell Kommune
Holme der ei ulovleg hytte stod fram til mai 2014

FJERNA: Slik ser holmen ut etter at hytta er riven. Fjell kommune er godt fornøgd med korleis holmen ser ut etter at hytta blei fjerna.

Foto: Fjell Kommune

Bakgrunnen for nedbrenninga er ein langvarig strandsonekrangel mellom kommunen og hytteeigaren. For seks år sidan oppdaga kommunen den ulovlege hytta i ei salsannonse, og tidlegare i sommar blei det sett eit endeleg punktum for den lange strida.

Oppdaga tilfeldig

I 1986 blei hytta som no er fjerna oppført på ein holme ved Angeltveitsjøen i Fjell kommune i Hordaland. Eigaren hadde nokre år tidlegare søkt om å få byggja ei hytte på holmen. Bygningsrådet i kommunen sa ja, men Hordaland fylke sa nei, og eigaren fekk også avslag på klagen som blei sendt til Miljøverndepartementet.

Plan og utbyggingssjefen i Fjell kommune oppdaga i 2008 ei annonse på Finn.no, der ei hytte oppført i 1986 på holmen fylket og departementet hadde sagt nei til utbygging på var lagt ut for sal. Hytta hadde ein takst på 4,2 millionar kroner.

Innan 1. juli i år måtte hytta fjernast, og då kommunen sist veke sjekka om dette var blitt gjort, var den fjerna, skriv Vestnytt som først omtalte saka.

– Skal ikkje vera fordelaktig å ta seg til rette

– Det er viktig at pålegg som er gitt blir følgd. Denne saka vil ha viktig signaleffekt, særleg med tanke på at eigar søkte om bygging før han bygde ulovleg og at saka gjekk heilt til Miljødepartementet, seier plan- og utbyggingssjef Berit Karin Rystad i Fjell kommune til NRK.

– Det har med folk si rettskjensle å gjera. Det skal ikkje vera fordelaktig å ta seg til rette, legg plan- og utbyggingssjefen til.

Fjell kommune kravde at hytta skulle bli fjerna allereie i 2008, då det blei oppdaga at eigaren hadde bygd hytte sjølv om han hadde fått avslag på søknaden. Fylkesmannen i Hordaland støtta kommunen, men eigaren var ikkje einig og saka blei behandla i Bergen tingrett i 2011.

Då eigaren året etter døydde, heva retten saka. Fjell kommune retta då kravet om fjerning mot enka etter hytteeigaren.

To årsverk jobbar med ulovleg bygging

To årsverk i Fjell kommune jobbar på fulltid med ulovleg bygging i kommunen.

– Det skjer ofte at naust ulovleg blir bygd om til fritidsbustad, men denne saka er spesiell, også i nasjonal samanheng. I dette tilfellet gjekk saka heilt til departementet, men eigaren bygde likevel, seier Berit Karin Rystad.

Viss hytta ikkje hadde blitt fjerna innan 1. juli ville eigaren ha fått tvangsmulkt på 250.000 kroner og dagbøter på 500 kroner per dag.

Trur rivinga vil ha preventiv effekt

Fjell kommune er godt nøgd med fjerninga av den ulovlege hytta. Ifølgje plan- og utbyggingssjefen er det omtrent ikkje mogleg å sjå at det har stått ei hytte der lenger. Fjell kommune reknar no saka som avslutta, og Rystad trur rivinga av hytta ved Angeltveitsjøen vil ha preventiv effekt.

– Det finst mange typar ulovlege bygg, ikkje berre ulovleg bygging i strandsona. Ofte veit ikkje folk kva som er lov, og me er opptatt av å få ut informasjon om det. Me har merka at det er ei betring på gang, viss folk ønskjer å gjera endringar på eigedommen sin tar dei i større grad kontakt med kommunen for å sjekka kva som er lov.

Advokaten til hytteeigaren seier til Vestnytt at denne saka lite truleg vil skapa presedens, og peikar på at hytta har stått på holmen i nesten 30 år. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med advokaten.