Hopp til innhold

Bremnes til topps i Norway Cup

Det var stor jubel då Bremnes sitt gutar 17-lag frå Bømlo vann finalen i Norway Cup laurdag.

Bremnes

MÅLRETTA: Gutelaget frå Bremnes har hatt den gjeve pokalen som mål i heile haust. Gleda var stor når den endeleg kunne innkasserast i dag.

Foto: KENNETH NESSE

– No er det full jubel i garderoben. Stemninga er høg. Gutane har jobba hardt for dette, seier trenar Kenneth Nesse.

Laget frå Bremnes på Bømlo klatra laurdag heilt til topps i ein av verdas største fotballturneringar.

I A-finalen møtte dei Værdalen, og kampen enda 3–0.

– Me gjekk inn til finalen med så gode bein som ein kan drøyma om etter ei hard veke med så mange kampar. Me var der me ville vera. Me klarte å variera og er strålande fornøgde med kampen, seier Nesse.

Dei vann semifinalen fredag kveld 5–0 over israelske Eshkol.

Har hatt finalen som mål

Me har hatt dette som eit mini-prosjekt frå i haust. Me har mobilisert og trent godt. Målet var å komma til finalen, seier Nesse.

Han innrømmer at det var ei letting når dommaren blåste i fløyta etter to fullspelte omgangar.

– Me var kanskje litt tøffe i trynet før turneringa. Me la lista høgt for oss sjølve, så det var ei letting at me faktisk klarte det.

Bremnes

MÅLSCORARANE: Erlend Meling Nesse, Mats Esperø og Thomas Esperø stod for scoringane i laurdagens finale.

Foto: KENNETH NESSE

Feiring på Bømlo

Nesse fortel at fleire hundre bømlingar følgde kampen frå tribunen, og var med på å heia dei fram til siger.

– Det var kjempestemning under kampen.

For gutelaget ber det tilbake til Vestlandet i føremiddag,

– No er det ned på skulen og pakka, før me hoppar rett i bussen og reiser tilbake til Bømlo, seier Nesse.

Sjølv om dei forlèt Oslo og Ekebergsletta, skal triumfen feirast.

– Rykta går om at dei heime steller i stand fest til me kjem tilbake. Så det blir veldig kjekt.