Hopp til innhold

Redda hest opp av gjørmehol

Eigaren takkar brannvesenet etter spektakulær redningsaksjon i Bergen. Hesten Stranda Vilja var nesten heilt dekka av gjørme då han blei redda opp.

Hest redda opp frå gjørmehol i Bergen.

SJÅ REDNINGA: Ved hjelp av stropper og ein kranbil blei hesten redda opp frå det djupe gjørmeholet (Foto: Åge Algerøy/NRK).

– Vi skulle ta hestane bort på eit beite, då den eine hesten stakk av. Det heile enda med at hesten sette seg fast, seier hesteeigarane Randi og Lars Kristian Helming til NRK.

Rosar brannvesenet

Dramaet i Grimstadneset i Bergen starta i 13-tida.

Området består av jord som nyleg er planert, og på det lågaste punktet var det eit gjørmehol som den uheldige hesten kom ned i.

Eigarane såg med ein gong kva som hadde skjedd med hesten, og ringde straks til brannvesenet. Då dei hadde vurdert situasjonen, blei både kranbil og veterinær kalla inn for å delta i redningsaksjonen.

Brannvesenet forsøker å redde hest i Bergen
Foto: Åge Algerøy / NRK

Mens dei nødvendige ressursane var på veg, prøvde eigarane og brannvesenet å trøysta hesten så godt dei kunne.

Dyret var så langt nede i gjørmeholet at dei også måtte passa på at hovudet var høgt nok.

Like etter klokka 14 kunne alle involverte pusta letta ut. Etter at hesten hadde fått stropper rundt magen, blei han løfta opp på tryggare grunn av ein kranbil.

– Dei gjorde ein fantastisk innsats. Eg var redd for at det kunne gå begge vegar med hesten, og var veldig fortvila, seier Randi Helming.

Høyr intervju med eigarane av hesten.

Får behandling av veterinær

Den elleve år gamle kaldblodshesten er no tilbake i stallen i Grimstadneset i Bergen, og har roa seg ned.

Hesten trakkar ikkje skikkeleg ned på den høgre bakfoten etter den dramatiske redningsaksjonen, men det er ikkje sikkert det er noko alvorleg. Han har fått behandling av veterinær, som også skal følgja opp hesten i morgon.

– Eg håpar han blir heilt bra igjen, og får leva i mange år til. Det er ein snill hest, seier Randi Helming.

Brannvesenet opplyser at det ikkje er daglegdags med denne typen aksjonar.

– Det skjer ikkje kvart år. Eg trur det er ein to-tre år sidan sist, men det er jo ikkje eit vanleg oppdrag, så me må berre improvisere.

Laster Twitter-innhold