Hopp til innhold

Brannvesenet på plass i Sveio

Brannvesenet held på å sløkkja ein brann ein bil som står i full fyr i Valevåg i Sveio. Bilen var på veg sørover gjennom Bømlafjordtunnelen, då sjåføren merka at det var noko gale. Han fekk bilen ut av tunnelen, før det tok fyr, fortel Helene Strand ved Sør-Vest politidistrikt. Det er ikkje meldt om personskadar.