Hopp til innhold

Brannsupporterar gav straumbrot

Pågangen var så stor at datasystemet kollapsa då bilettane til Brann sine heimekampar blei lagt ut for salg i dag.

Brann
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

I og med at Brann stadion og Klokkesvingen er under ombygging, blir berre litt under 5000 billettar lagt ut for sal til kvar kamp etter at sesongkorta er fordelte.

Og etterspurnaden i dag blei altså større enn det datasystema kunne tola.

Straumbrot og datatrøbbel

Ein seljar hjå bilettluken.no seier at dei fekk store problem med både straumbrot og datatrøbbel då salet starta klokka 10.

Salet av billettane blei stoppa for ein kort periode grunna problema.