Hopp til innhold

Nokre nissar gir alt

Tradisjonell juletretenning er ikkje noko for familiefedrane på Landås. I alle fall ikkje når dei har fått kommunens mangfaldpris.

Bollywood-jul på Landås

SJÅ DEI DANSA: Og sjå korleis eit orientalsk pynta juletre ser ut på Landås.

– De må opp med armane slik, med handflatane mot kvarandre, og markera. Så går me fram slik, og rullar med skuldrene. Olbogane ned. Handledda slik.

Kjell Arne Johansson er vill i blikket og gestikulerer med open munn.

Han står på eit fortau på Landås i Bergen, omringa av eit dusin andre familiefedrar.

Dei øver til julegrantenninga seinare same dag.

Bollywood-jul på Landås

GIR ALT: – Gå «all in». Dette blir bra, seier Kjell Arne Johansson, som instruerer naboane sine i Bollywood-dans.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det ser ganske indisk ut, meiner ein av dei.

– Me må gi alt, konstaterer ein annan.

Mennene i ulike aldrar og former stiller seg på rekke. Ein har gul allvêrsjakke, ein annan målingsflekka kjeledress. Plutseleg er me midt inne i ei Bollywood-aktig dansescene.

Bollywood-jul på Landås

LITT INDISK: Fedrane på Landås dansar mindre maskulint og koordinert enn i ein påkosta indisk film, men ganske stilig.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Asylsøkjarar tett på

Åssida under Ulriken er ikkje heilt som andre nabolag. Eit ressurssterkt nærområde der dei for nokre år sidan fekk idéen til «Bærekraftige liv på Landås» – sin eigen variant av det å tenka globalt og handla lokalt og miljøvenleg i klimaendringas tid.

Så fekk Landås også flyktningkrisa tett innpå livet, då den tidlegare Lærarhøgskulen var midlertidig asylmottak i eit år. Folk reagerte med begeistring og skepsis over å få mange hundre asylsøkjarar midt i nabolaget.

Måten innbyggjarane på Landås handterte å vera nabolag for asylsøkjarane er ein viktig grunn til at dei denne helga fekk Bergen kommunes likestillings-, integrerings- og mangfaldspris på 50.000 kroner.

Prisutdelinga skjer den regnfulle laurdagskvelden då nabolaget tenner juletreet sitt.

Les: Den siste beboeren har forlatt Landås asylmottak

Nissar i skjørt på panseret

Barn og foreldre ventar forventningsfullt. I pøsregnet kjem ein personbil tutande bortover gata, med ein gjeng vinkande nissar på panseret og hengande langs takgrinda. Bollywood-musikken ljomar mellom husa.

Bollywood-jul på Landås

BAK MASKER: Nokre av borna syns kanskje masker er bra når fedrane dansar orientalsk nissedans.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Så hoppar nissegjengen ned og framfører dansen sin.

– Nisseskjørta våre er liksom sari, forklarer den eine.

Barn måpar, ler eller gøymer andletet.

– Herregud, eg ser jo ingenting, ropar ein liten gut oppgitt. Han har hamna for langt bak blant tilskodarane.

Andre syns kanskje det er greitt at fedrane har nissemaske. Mødrene ser ut til å kosa seg.

På ein berbar innretning sit ein mystisk, svartkledd trollmann med grasiøse handrørsler medan nissegjengen fraktar han i prosesjon fram til juletreet og han «tenner det» med stjerneskotet sitt.

Bollywood-jul på Landås

LYSTENNAREN: Ein mørkets trollmann blei frakta inn for å tenna lysa på årets juletre på Landås.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Som sagt: Dette nabolaget er ikkje heilt A4. Ikkje julegrana deira på Lægdemarken heller.

– Alltid spennande

– Eit orientalsk pynta juletre er eit ypparleg bilete på kvifor de får denne prisen, sa byråd Dag Inge Ulstein då han overrekte prisen.

– Me er kvart år spent på kva fedregjengen finn på, seier nabo Margrethe Rasbotnig.

– Ein gong hadde dei pyroshow og tende treet med sprutande eld. Ein annan gong kom ei jente utkledd som engel siglande på zipline til full Starwars-musikk og tende det med stjerneskotet sitt.