Her ligg dynamitten spreidd etter tunnelulukka på E134

ETNE (NRK): Åkrafjordtunnelen på E134 i Hordaland var stengd i over åtte timar etter at ein varebil med dynamitt i tilhengaren køyrde i fjellveggen og velta fredag morgon.

Velta bil i Åkrafjordtunnelen

STORE SKADAR: Dynamitt og tennhetter låg strødd i vegbana inne i Åkrafjordtunnelen.

Foto: Politiet

Klokka 16.46 melder Vegtrafikksentralen at Åkrafjordtunnelen på E134 i Etne i Hordaland er open for fri ferdsel etter oppryddingsarbeid.

Laster Twitter-innhold

Det var like etter klokka åtte fredag morgon at det kom melding om at ein varebil med hengar hadde velta inne i tunnelen.

– Hengaren har eksplosiv om bord. Mannskap har vore inne i tunnelen og sett at det er snakk om dynamitt med fenghetter, sa operasjonsleiar Nina Fagerland i Sør-Vest politidistrikt.

Like etter vart tunnelen stengd for vanleg trafikk, og seinare evakuert.

Politiet tilkalla spesialistar på farleg gods som skulle ta seg av lasten.

– Det er alltid eksplosjonsfare når lasten er dynamitt, seier Fagerland.

Kolliderte i Åkrafjordtunnelen

STORE SKADAR: Bilen som velta inne i tunnelen er no frakta ut.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stengd i åtte timar

Oppryddingsarbeidet starta klokka 11, og like før klokka 14 melde politiet at alle eksplosiv var av tunnelen.

Likevel tok det ytterlegare tre timar før tunnelen opna, fordi den måtte undersøkast for skadar.

Dei drygt åtte timane tunnelen var stengt vart trafikken dirigert via gamlevegen langs Åkrafjorden. Vegen har ei høgdegrense på maks 4,0 meter på grunn av låge tunnelar. Omkøyringsvegen er også så smal at maks lengde er 19,5 meter og 50 tonn vekt.

Politiet dirigerer ved Åkrafjordtunnelen

DIRIGERER: Personbilar kan køyra om gamlevegen langs Åkrafjorden, på utsida av tunnelen som er stengd på E134. Politiet dirigerer trafikken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sendt til sjukehus

Det er anten hengaren eller varebilen som har gått i fjellveggen, og ført til velten inne i tunnelen.

– Sjåføren har fått kuttskadar og er frakta i ambulanse til sjukehuset i Haugesund, fortel operasjonsleiar Fagerland.

Sjåføren er ein mann i 20-åra, og det er ikkje mistanke om rusa køyring.

Fredag ettermiddag opplyser politiet at ulukka no vert etterforska, og at dei førebels ikkje har fleire detaljar.

Brannbiler og politibil utenfor Åkrafjordtunnelen

STENGD TUNNEL: Åkrafjordtunnelen på E134 i Hordaland er stengd på grunn av ein varebil som har velta.

Foto: Elin Sørheim / NRK

7,4 km lang tunnel

Ulukka skal ha skjedd fire kilometer inn i tunnelen frå austsida. Meldinga om ulukka kom inn til politiet via ein anna trafikant.

Åkrafjordtunnelen er 7,4 kilometer lang og ligg på E134 mellom Etne og Fjæra i Hordaland.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Varebilen med hengaren har velta inne i den 7,4 kilometer lange Åkrafjordtunnelen på E134 i Etne.