Hopp til innhold

Støtta opp om Fretex sine «Gjenbruksdagar»

Kvar nordmann kastar i gjennomsnitt sju kilo med klede i året. I dag var Kronprinsesse Mette–Marit i Bergen for å inspirere til gjenbruk under Fretex-arrangementet «Gjenbruksdagane».

Mette-Marit

GJENBRUKSDAGANE: Kronprinsesse Mette-Marit besøkte i dag Bergen under Fretex arrangementet «Gjenbruksdagane».

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

I dag kom kronprinsesse Mette-Marit til Festplassen i Bergen for å setja fokus på gjenbruk. Fretex arrangerer nemleg Gjenbruksdagane for å inspirere til meir miljøvennleg val av klede.

Kronprinsessa var aktiv med og deltok i dei ulike aktivitetane på Festplassen. Ho viste kva ein kan gjera med «second hand» og re-design.

– Ho er med å skapa ei positiv merksemd for vårt arbeid og miljø, seier Arnt-Willy Hjelle i Fretex.

– Me trur at det er mange som enno ikkje veit kva vi gjer, og ho kan vere med å få opplyse om arbeidet og kor viktig det er å drive med gjenbruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mette-Marit

METTE-MARIT I BERGEN: Ikkje alle får gå i fred når dei ser på klede. Kronprinsesse Mette-Marit ser her på Fretex sine re-designa plagg.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Kastar sju kilo plagg kvart år

Kvar nordmann kastar i gjennomsnitt sju kilo med klede i året. Halvparten av desse kleda er fullt brukbare, fortel Logistikk- og produksjonssjef Arnt-Willy Hjelle hos Fretex.

Mette-Marit og Jenny Skavlan

PÅ SCENEN: Kronprinsesse Mette-Marit saman med konferansier Jenny Skavlan under Gjenbruksdagane i Bergen i dag.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Hjelle trur det er fleire grunnar til at vi kastar så mykje klede, men spesielt ei årsak er at folk ikkje trur kleda dei vil bli kvitt er gode nok til gjenbruk.

– Grunnen kan vere at folk trur kleda ikkje er gode nok, seier Hjelle.

– Kva tenkjer du om dette?

– Det er veldig synd. I alle fall med tanke på at det er ofte veldig høg kvalitet på det som blir kasta. Det er ting vi absolutt kunne brukt om igjen, seier Hjelle.

LES OGSÅ: Mette-Marit sine klede kan bli dine

Kan levere kle på posten

Fretex

RE-DESIGN: Folk i Noreg kastar altfor mykje kle, meiner Fretex. Gamle plagg kan bli nye for andre, slik som plagga som blei synt fram under arrangementet i dag.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Hjelle trur folk kastar kle av gammal vane.

– Folk gjer det som er enklast der og då og difor berre kastar kleda. Eller kanskje dei ikkje finn innsamlingscontainerane vi har.

Fretex har difor fått i gang eit nytt konsept for å gjere det enklare for folk å levere tekstil.

– Då kan folk levere inn tøy på posthuset eller hos post i butikk. Dette gjer vi så det skal vere lettare å vite kor ein kan levere. I tillegg prøver vi å auke mengda av kledecontainerar rundt omkring i landet, seier Hjelle.

LES OGSÅ: - Må se på hvordan vi bruker energiressursene våre