Hopp til innhold

Mette-Marit sine klede kan bli dine

Kronprinsesse Mette-Marit har fått kjeft i media for at ho brukar for mykje pengar på designerklede. No sel ho dei på nettet, og overskotet går til ei god sak.

Mette Marits klær kan bli dine.

Kleda til Kronprinsesse Mette-Marit er å få kjøpt på nettet.

Foto: Scanpix/Bloppis.no

Mette Marit

Mange er opptekne av korleis Kronprinsessa kler seg.

Foto: Noah Berger / AP
Kronprinsparet Hareid

Mette-Marit får både skryt og pepper for stilen sin i media.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix
Prins Charles og hertuginne Camilla ankommer Norge

Mette-Marit har mange offisielle oppdrag. Då er det viktig å både te og kle seg godt.

Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit sel kleda sine på ein loppemarknad på nettet.

Bloppis.no er ein nettstad der folk kan selje eller gi bort klede og tilbehøyr dei ikkje lenger har bruk for.

– Mange av kleda våre kan brukast igjen i staden for å bli kasta. Vern om miljøet på ein enkel og morosam måte, seier Kronprinsesse Mette-Marit om nettstaden.

Hjelper små miljøagentar

Inntektene frå salet av Kronsprinsessa sine klede går uavkorta til Miljøagentane, borna sin miljøvernorganisasjon.

– Me er glade for at Kronsprinsessa tek engasjementet til born og unge på alvor og gir dei anerkjenning for det viktige arbeidet dei gjer, seier kommunikasjons-leiar i Miljøagentene, Maia Østerud.

– I Miljøagentene er me opptekne av at kvar og ein av oss kan gjere ein innsats for miljøet kvar einaste dag. Hovudfokuset vårt for 2012 er gjenbruk. Me er derfor spesielt glade for å vere med på å fronte eit tiltak som oppfordrar til nettopp dette, seier ho.

Trend i Sverige

I Sverige har «bloppis» lenge vore eit kjent omgrep for motebloggarar.

Ellen Arnstad, forlagsredaktør i Aller Media, som står bak Bloppis.no, ynskjer å skape ei grøn folkerørsle også i Norge. Alle norske kvinner kan bidra med sin eigen bloppis, seier ho.

– Me set stor pris på at me har fått H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit med på laget i arbeidet med å gjere gjenbruk trendy, seier Arnstad.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

  • Kadetten avlyser også 2024-festivalen

    Festivalen Kadetten i Sandvika, som kaller seg Norges største hiphopfestival, avlyser årets utgave.

    «Det er med tungt hjerte at vi må meddele at Kadetten 2024 er avlyst», står det på festivalens Instagram-side , og gjengitt av YLTV.

    «Det er utrolig leit, vi var overbevist da vi relanserte festivalen i år at situasjonen og markedet hadde snudd – sånn ble det ikke. Kombinasjonen av vesentlig høyere priser på alt av artister i sjangeren, usikre og innstilte turnéplaner, høyere kostnader og mindre kjøpekraft blant vårt publikum gjør at vi ikke ser det mulig å gjennomføre festivalen i år», står det om årsaken til avlysningen.

    Ifølge Instagram-posten vil kjøpte billetter refunderes automatisk.

    Kadettenfestivalen ble avlyst også i 2023.

    Cezinando på Kadetten 2022
    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3