Hopp til innhold

Bergensar vann 14 millionar i Lotto

Mannen fekk ein laurdagskveld litt utanom det vanlege då han var einaste med sju rette i Lotto-trekninga.

Mann frå Bergen vann over 14 millionar kroner i Lotto

Bergensaren var den einaste som prikka inn sju rette på Lotto-kupongen laurdag. Dermed vann han over 14 millionar kroner. Her er programleiar Ingeborg.

Foto: Ida Glorvigen Hanstad / Norsk Tipping

Bergensaren var den einaste som pirka inn alle dei sju tala på kupongen i går kveld og fekk difor førstepremien for seg sjølv.

Det gav ein gevinst på heile 14.084.245 kroner. Beskjeden om at han no er millionær tok mannen med fatning, skriv Norsk Tipping.

– Eg har tenkt på korleis eg ville reagert viss eg nokon gang skulle få ein slik telefon. Det høyrest i alle fall bra ut det du seier, sa han då han fekk telefon frå Hamar om milliongevinsten.

Han ante ingenting før Norsk Tipping ringde han etter trekninga.

Betale oppussing

Bergensaren leverte vinnarkupongen hjå Rema 1000 på Øyrane Torg i Bergen. Det var tala 8, 14, 15, 18, 24, 27 og 31, samt tilleggstalet 29, som gav vinnarrekkja.

Vinnaren seier han skal dele med næraste familie og at han ikkje har nokon planar om å «ta av» som følgje av premien på over 14 millionar kroner.

– Vi har nettopp pussa opp litt her, så no er i alle fall den utgifta dekka. Eg er frisk og rask og skal i alle fall halda fram med å jobba, avsluttar den heldige vinnaren.

Vinnarsjansen for sju rette i lotto er 1:5.400.000 per rekke.