Hopp til innhold

Vil bli best på urbant landbruk

Nordmenn står i kø for å sikre seg ein grøn flekk i ein parsellhage. No satsar Bergen for å bli ein av dei fremste i landet på urbant landbruk.

Sabina Haake i parsellhage Kanonhaugen i Bergen

TRENDY: Fleire tusen står i kø for å sikra seg ein slik jordflekk som Sabina Haake har i Bergen. Kommunen ynskjer å legga til rette for at enno fleire av byens innbyggjarar kan dyrke sine egne grønsaker og bær.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Nordmenn stiller seg i kø for å få ein grøn flekk der dei kan dyrke eigne grønsaker, bær og urter.

Fenomenet med urbant landbruk er i vinden som aldri før. I dei parsellhagane som allereie finst både i Bergen og Oslo, er det lange ventelister.

Difor har byrådet i Bergen no sendt ein fersk handlingsplan for landbruk ut på høyring. Målet er at Bergen skal bli mellom landets beste på urbant landbruk.

– God kjensle

I Oslo står over 1200 personar i kø for å få tilgang til ein av dei 22 dei etablerte hagane som finst.

Ei av dei som allereie har ein slik grøn flekk, er Sabine Haake i Bergen.

– Her har vi ripsbukser, rabarbra, i tillegg til krydder, som vi er veldig glad i.

På Kanonhaugen på Landås finst det 16 parsellar der folk kan dyrka fram ingrediensar til middagsbordet sjølv.

– Mange er blitt langt meir bevisste på kva dei et. Ein annan ting er at ein rett og slett blir glad når ein har henda i jorda og ser at ting veks til. Til og med ting som du kan eta. Det blir ein lukkeleg av.

Parsellhagen Kanonhaugen på Landås i Bergen

På Landås i Bergen ligg denne flotte parsellhagen. Ventelistene på denne og andre parsellhagar i landet er lange.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Vore utan plan i mange år

Byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland (V), ynskjer å legga til rette for at fleire skal få den opplevinga som Haake har fått.

Målet er ei bybilete med fleire grøne tak, areal og parsellhagar.

– Vi treng ein berekraftig by, med kortare transportavstandar og fortetting. Då må vi også tenkje på å ha område tilgjengeleg for hagebruk og landbruk.

I mange år har kommunen stått utan ein handlingsplan for landbruket, og Andersland ser fram til å få innspel til planen som er ute på høyring.

– Det er viktig å vidareføra kunnskap om dyrking og at folk får dyrka sine egne grønsaker. Urbant landbruk er også bra for lufta i tillegg til at innbyggjarane får areal til rekreasjon.

Julie Andersland

PÅ HØYRING: Byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland (V) har sendt ut ein handlingsplan for landbruk i Bergen på høyring. Ein slik plan har ikkje byen hatt på mange år.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ønskjer urbant landbruk velkommen

Leiar Bodil Fjelltveit i Bondelaget i Bergen, ønskjer ein handlingsplan hjarteleg velkommen.

– Vi som er bønder er avhengige av at forbrukarane veit kva vi gjer på, og ser verdien av det. Det er klart at urbant landbruk er med å bidreg på akkurat den biten.

Fjelltveit meiner det er nok jord å ta av i Bergen, og viser til at handlingsplanen seier at kommunen har sju prosent dyrka mark. På landsbasis er det same talet tre prosent.

– Ein treng ikkje gå langt utanfor bykjerne før ein finn små grøne flekkar som i dag ligg brakk, men som kunne vore nytta til parsellar.