Hopp til innhold

Bergen FpU vil forby kjønnsskifte

Bergen FpU vedtok fredag ein resolusjon om å forby juridisk kjønnsskifte. – Dei som har bytta kjønn bør bytte tilbake, seier styremedlem Kjartan Moi Andreassen.

Kjartan Moi Andreassen FpU

VIL FORBY BYTTE AV KJØNN: Styremedlem i Bergen FpU, Kjartan Moi Andreassen, ønskjer å forby juridisk kjønnsskifte.

Foto: PRIVAT

Det var Andreassen sjølv som føreslo resolusjonen, som blei vedteke med to stemmers overvekt.

– Eg valde å legge fram ein resolusjon om at Bergen FpU berre skal anerkjenne mann og kvinne som legitime kjønn. Kjønn er noko ein er og som ein ikkje kan bytte, seier han til NRK.

Då saka blei føreslått handsama på FpU sitt landsmøte, blei saka stoppa av fylkesstyret i Hordaland. No gjer Andreassen eit nytt forsøk på å ta saka vidare i det politiske systemet.

– Ein er mann eller kvinne

Andreassen rår dei som alt har gjort eit juridisk kjønnsskifte om å bytte tilbake.

– Om ein biologisk sett er ein mann, men juridisk sett har bytta kjønn til kvinne, så kan det vere farleg for ein sjølv. Om ein til dømes kjem ut for ei ulykke som gjer at ein hamnar på sjukehus og treng medisinar, så er doseringa ulik utifrå kva slags kromosom ein har. Får ein feil medisinering fordi ein har oppgitt feil kjønn kan det få alvorlege konsekvensar.

FpU i Bergen seier òg nei til eit tredje juridisk kjønn.

– Slik eg ser det er det veldig enkelt – ein er mann eller kvinne. Om ein sjølv skulle ønskje at ein var noko anna, så er det slik at ein ikkje alltid får det slik som ein vil her i livet. Eg meiner at ein tredje kjønnskategori berre er tull, seier Andreassen.

Sjølv om dette ikkje er FpU sitt syn nasjonalt, har han likevel tru på at saka kan bli godt tatt imot. Bergen FpU er FpU sitt største lokallag.

Saka går no vidare til Hordaland FpU. Dei avgjer om saka skal sendast vidare til landsstyret i ungdomsorganisasjonen for handsaming der.

– Stikk i strid med vår kjønnspolitikk

Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hordaland FpU

UEINIG MED LOKALLAGET: Fylkesleiar i Hordaland FpU, Martin Virkesdal Jonsterhaug, støttar ikkje forslaget frå Bergen FpU.

Foto: Aksel Hansen

Søndag vedtok Hordaland FpU å avvise innspelet frå Bergen FpU.

Fylkesformann i Hordaland FpU, Martin Virkesdal Jonsterhaug, fortel til NRK at forslaget strider mot ungdomspartiet sin nasjonale politikk.

– Eg er glad for engasjementet i FpU, men akkurat dette er stikk i strid med det FpU står for og vår kjønnspolitikk, som vi har hatt sidan 2013.

– Vi i FpU er forkjemparar for enkeltmennesket sin fridom, og det inneber at menneske som er fødd i feil kropp skal få bytte juridisk kjønn – både med og utan operasjonar. Vi ønskjer også å innføre ein tredje juridisk kjønnskategori.

I framtida håpar FpU å fjerne juridisk kjønn. Dette grunngjev Jonsterhaug med at staten ikkje bør ha noko å gjere med kva eit menneske vil definere seg sjølv som.

Jonsterhaug har inga tru på at resolusjonen til lokallaget vil bli vedtatt.

Leiar i Bergen FpU, Markus Endresen Thorstensen, er einig med fylkesformannen og stiller seg bak hans utsegner, opplyser han til NRK.

– Dei må få lov til å definere seg sjølve som dei vil

Bystyrerepresentant i Bergen, Christian Haugen (Frp), blei overraska og trist då han såg forslaget frå lokallaget.

Christian Haugen (Frp)

OVERRASKA: Bystyrerepresentant i Bergen, Christian Haugen (Frp), blei overraska og trist då han såg forslaget frå Bergen FpU.

Foto: Olje- og energidepartementet

– Det er positivt med engasjement og vi har takhøgd for nye innspel, men dette er politikk vi har jobba lenge for skal bli lov. Derfor er det veldig overraskande og trist at eit lokallag sender inn eit motsett innspel.

Haugen har heller ikkje tru på at forslaget kjem til å gå gjennom.

– Det er menneske det er snakk om her, og dei må få lov til å definere seg sjølve akkurat slik som dei vil.