Hopp til innhold

Bergen blir hardt råka viss det blir streik

Meklinga i tariffoppgjeret i offentleg sektor går nå inn i siste fase.

Landås skole i Bergen

Landås skole er ein av dei som blir råka i Bergen viss det blir streik i Unio.

Foto: NRK

Viss meklinga mellom Kommunenes sentralforbund (KS) og Unio ikkje fører fram, vil Unio ta ut i underkant av 6000 medlemmer i streik frå torsdag 24. mai.

1357 av desse vil bli tatt ut i Bergen, som blir hardt råka. Fleire skular, barnehagar og eldreheimar har personale som blir tatt ut i streik.

- Vil bli vanskeleg å halda fram med drifta

- Det blir redusert bemanning på sjukeheimane, ein del fysioterapi- og ergoterapitenestar vil ikkje bli utført, fortel Grete Ingebrigtsen, leiar i konfliktberedskapsutvalet i Unio Bergen sitt KS området.

- For ein del av skulane vil det bli vanskeleg å oppretthalda undervisning, og det pedagogiske tilbudet i barnehagane vil forsvinna. Me trur at det blir vanskeleg å halda oppe drifta, fortel Ingrebrigtsen.

På dei vidaregåande skulane kan eksamen bli råka av streiken.

Dei andre kommunane som blir råka av ein eventuell streik er Askøy, Sandnes, Tromsø, Narvik, Trondheim, Ålesund, Larvik, Drammen, Asker, Lillehammer og Oslo.

Her er lista over Unio sitt uttak i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune:

Grunnskular:

  • Fridalen
  • Gimle
  • Kronstad
  • Landås
  • Minde
  • Ny Krohnborg
  • Slettebakken
  • Aurdalslia
  • Hjellestad
  • Liland
  • Skeie
  • Skranevatnet
  • Søreide
  • Søråshøgda
  • Ytrebygda
  • Bønes
  • Fjellsdalen
  • Lynghaug
  • Lyshovden
  • Løvås
  • Ortun
  • Seljedalen
  • Varden
  • Sælen

Barnehagar:

  • Gimle
  • Gyldenpris
  • Kniksenplass
  • Kristianborg
  • Mannsverk
  • Minde
  • Montana
  • Natlandsfjellet
  • Ny Krohnborg
  • Pinnelien
  • Sletten
  • Søre Skogvei
  • Øvrebø
  • Årstad
  • Aurdalslia
  • Eldsbakkane
  • Iristunet
  • Nordås
  • Petedalsheia
  • Ytrebygda
  • Bjørgedalen
  • Brinken
  • Bønes
  • Gullstølsbotn
  • Løvås
  • Myrholtet
  • Nebbestølen
  • Seljedalen
  • Sælen

Videregående skular:

  • Årstad
  • Langhaugen
  • Nordahl Grieg
  • Sandsli
  • Fyllingsdalen

PPT kontor:

  • Ytrebygda
  • Fyllingsdalen
  • Årstad

Kultur:

  • Bergenhus og Årstad kulturkontor

Fysio-/ergoterapitjenesten:

  • Fana
  • Fyllingsdalen
  • Ytrebygda
  • Årstad
  • Åsane

Forvaltningsenheter helse:

  • Sone nord
  • Sone sør
  • Sone vest

Helsestasjonar/skulehelsetenester:

  • Fana
  • Oasen
  • Ulset

Sjukeheimar:

  • Kolstihagen
  • Midtbygda
  • Skjoldtunet