Den 25 fot lange fritidsbåten låg fortøyd ved Rongesundet bru i Øygarden. Torsdag blei ho riven laus av stormen «Aina».
Ho rende på land i ei vik på Rongøyna, ikkje langt unna.
Grapsete vêr
– Vi var ute torsdag kveld for å berga henne, men veret var for grapsete, seier båtførar Lasse Brunborg om bord på redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø».
– Fordi det ikkje stod om livet, avbraut vi oppdraget. Det var betre i dag. På full flo fekk vi trekt henne laus, fortel han.
Båten har hôl i skroget. Redningsmannskapet hadde derfor pumpe om bord for å lensa slik at båten ikkje sank.
– Vi fekk henne inn til den gamle ferjekaien på Rognøya, seier Brunborg.
Kunne gått verre
Stormen førte mellom anna til jordskred som tok livet av ei kvinne på Osterøy. På sjøen blei ikkje skadane så omfattande som frykta.
Innstilte ferjer og nokre øydelagde småbåtar var behaldninga i den kraftigste vinterstormen på Vestlandet - denne sesongen.
På Sotra sank to skøyter som låg ved kai.
For Redningsselskapet er aksjonen i Øygarden eit reint forsikringsoppdrag.
– Vi prioriterer å fjerne båter som denne fordi den kan reke vidare og skape andre redningsaksjonar, seier Brunborg.
Dei frivillege om bord på redningsskøytene har følgjande førjulshelsing til alle som skal på sjøen i vinter:
– Bruk redningsvest!