NRK Meny
Normal

Avsluttar redningsaksjon etter mann i 50-åra

Politiet trur at mannen som har vore sakna sidan torsdag kan vera drukna. Dei avsluttar difor no redningsaksjonen.

Langavatnet

TRULEG DRUKNA: Her i Langavatnet på Nyborg i Åsane trur politiet no at den sakna mannen har drukna.

Foto: Algerøy / NRK

– Me har no varsla dei pårørande om at me avsluttar redningsaksjonen. Me har gått gjennom området grundig utan resultat, og det er difor nærliggande å tru at personen ligg i vatnet, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Kjersti Eidsnes.

Mannen vart fredag ettermiddag meldt sakna av familien sin etter å ha vore vekke sidan torsdag kveld. Mannen bur i Åsane, og skal ha gått tur i nærleiken av Langavatnet.

Søk etter den antatt omkomne mannen vil truleg bli starta opp att på måndag.

– Me får ikkje leita meir etter mannen i helga. Søk i vatn krev organisering, og me lyt få plass sonar som me kan søka etter mannen med. Det er også dårleg sikt i vatnet, seier Eidsnes

Fann Fiskeutstyr

Fiskestonga og båten som vart funne i vatnet i går høyrde til den sakna mannen.

– Me kan no bekrefta at fiskeutstyret og båten som vart funnen blei disponert av den sakna. Me fann dette ganske nærme land.

Teorien til politiet er no at mannen har ramla ut av båten og ut i vatnet.

Over 40 personar frå Norsk Folkehjelp, Norges Røde Kors, Norges Redningshunder og Sivilforsvaret har vore med å leita etter mannen sidan fredag ettermiddag. Det vart også sett inn helikopter i søket fredag.

Kart

SIST OBSERVERT HER: Den sakna mannen er sist observert ved Langavatnet på Nyborg i Åsane.

Foto: NRK

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.