I 2015 reiste to bergsprengarar på kryss og tvers i Noreg på jakt etter sprengstofflager. Dei to var hyra inn på oppdrag for Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB).
Oppsummeringa var nedslåande.
I forkant hadde 3000 innehavarar av sprengingssertifikat blitt spurt om dei lagra sprengstoff etter forskriftene.
93 prosent svara direktoratet at dei gjorde nettopp det.
Men på kontrollrunden fann inspektørane alvorlege avvik på 70 prosent av byggjeplassane.
– For lite ute i bransjen
Fire år seinare har direktoratet berre totalt stått bak 199 besøk med tilsyn i bransjen. Nesten halvparten av desse skjedde i 2015.
– Det er altfor dårleg. Me meiner DSB er for lite ute i bransjen, seier Frode Andersen, spesialrådgivar i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).
– Det er ikkje mjølk og brød me driv med. Det er dynamitt og tennarar, ting som kan vera farlege om dei kjem i feil hender, seier dagleg leiar Øystein Hope i entreprenørfirmaet Magne Hope AS.
Drive i 40 år – aldri hatt tilsyn
Dagleg går det av rundt 400 salvar med sprengstoff på norske anleggsområde. Det svarar til i underkant av 150.000 ladningar med sprengstoff i løpet av eit år.
I sine snart 40 år i bransjen har ikkje Hope i entreprenørfirmaet i Nordhordland hatt besøk av tilsynsmakta som kontrollerer eksplosivområdet.
– Det er for lite tilsyn i bransjen vår. Då er det lett for dei useriøse aktørane å ta snarvegar, meiner Hope.
På eit anleggsområde på Frekhaug i Meland kommune sprenger firmaet hans ut dei siste grøftene i det som skal bli eit større byggefelt.
Sprengstoffet blir frakta frå lageret i bilar som må godkjennast kvart år.
– Bransjen har gode reglar som viser tydeleg korleis me skal opptre. Men viss ingen sjekkar det, kan du la vera å køyra innom lageret med dynamitt eller droppa å oppdatera alarmsystema på lageret, seier Hope.
Eksplosivforskrifta er skjerpa inn fleire gongar dei siste åra, seinast i 2017. Sjølv om denne bransjen har strenge regelverk å forholda seg til, fører styresmaktene i liten grad tilsyn med om forskriftene blir følgde, meiner entreprenøren.
– Då kan det kan sjølvsagt vera freistande for enkelte å ta snarvegar.
- Har du tips til vår journalist? Kontakt oss.
– Rart å måtta masa om tilsyn
Etter aksjonen i 2015 blei to anleggsarbeid stansa og eitt forhold meldt til politiet. Fleire ulovlege og potensielt farlege lagerbygg blei tømde for sprengstoff på dagen, etter det som i alt talde 96 tilsyn på under eit år.
Tennarar og sprengstoff blei lagra side om side, sprengstofflager var sikra med teip, og mange av lagera var aldri registrerte eller godkjende.
– Det er dyrt å følgja regelverket til punkt og prikke. Ei verksemd som ikkje gjer det, vil kunne gi kunden ein heilt annan pris enn ein aktør som følgjer regelverket, seier Frode Andersen i MEF.
Han har fagansvar for sprenging i forbundet si kompetanseavdeling. Deira bekymring er at manglande oversikt med bransjen opnar for at useriøse aktørar droppar dyre tryggingstiltak, og dermed konkurrerer med naboar på betre pris.
– Me ønskjer ikkje at bransjen skal konkurrera på tryggleik. Då er det litt rart at me må masa om tilsyn i vår eigen bransje, seier spesialrådgjevaren i MEF.
Mykje å spara på å ta snarvegar
Det var bergsprengarane Morgan Kvilten og Dan Ole Stensvik som på vegner av DSB gjennomførte tilsynsaksjonen i 2015.
Stensvik, som i dag jobbar i ei større entreprenørbedrift, blei overraska over at det ikkje vart fleire tilsyn etter runden dei var på.
– Dei sette pris på at me førte tilsyn og gav råd. Mange av dei me møtte hadde også irritert seg i årevis over skytebasar som konkurrerte om dei same kundane, men som mangla lager eller sparte inn pengar ved hjelp av andre snarvegar.
Utgifter til godkjende lager med gjerde, overvakingssystem og bilar som skal frakta sprengstoff, blir fort høge for ei mellomstor bedrift.
– At dei som tek snarvegar, kan spara mellom 100.000-150.000 kroner i året, trur eg ikkje er ei overdriving, seier Stensvik.
Øystein Hope i Nordhordland er òg styreleiar for MEF si regionavdeling i Nord-Rogaland og Hordaland. Dei siste åra kjenner han berre til tre tilsyn på eksplosivområdet blant hans mange hundre medlemmer på Vestlandet.
– Tre tilsyn i min region dei siste fem åra er altfor sjeldan.
Manglar pengar til fleire aksjonar
Dåverande justisminister Anders Anundsen (Frp) var ikkje imponert over funna i rapporten frå 2015. Han understreka overfor direktoratet i 2016 at det var viktig å følgja opp med ein ny tilsynsaksjon i løpet av to-tre år.
Det har ikkje direktoratet hatt pengar til.
– DSB har dessverre ikkje hatt ressursar til å gjennomføra ein liknande aksjon, seier seksjonssjef Gry Haugsnes i DSB.
Haugsnes viser til at direktoratet har eit breitt ansvarsområde, og at det ikkje er funne rom i budsjettet for å prioritera ein slik aksjon igjen.
– Det er ein føresetnad for tryggleiken at alle aktørane som lovleg har tilgang på eksplosiv følger regelverket. Det må me ha tillit til. Me kan aldri gi noko raudt, gult eller grønt lys, utan at me er ute hjå alle. Det er umogleg å ha som ambisjon.
Nektar innsyn
NRK har bede direktoratet om å opplysa kor mange tonn eksplosiv som blei omsett i 2018. Den oversikta har ikkje DSB.
Dei oppgir at det i dag er fleire tusen personar som har bergsprengarsertifikat. Men DSB nektar å gå ut med eksakt kor mange dei er.
DSB meiner at det kan vera ei samanstilling av informasjon som, avhengig av detaljane, kan vera unntatt offentlegheita.
– I Noreg er det mange sprengingsarbeid som blir utført av mindre aktørar på mindre prosjekt. Bekymringa kjem av at direktoratet berre har kapasitet til å føra tilsyn med dei største aktørane. Det er mange små bedrifter som er flinke, men me meiner DSB bør kunna gjennomføra eit betre tilsyn enn det dei gjer i dag, seier Andersen i bransjeforbundet.
Haugsnes poengterer at tilsyn berre er eit verkemiddel og ingen garanti for at forskriftene blir følgde.
NRK har stilt fleire spørsmål til sikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) om prioriteringane i direktoratet, utan å få svar. Kommunikasjonsavdelinga i Justisdepartementet viser vidare til DSB.