Hopp til innhold

Aukar bompengane på ferja for å finansiere vegprosjekt

VARALDSØY (NRK): – Urettferdig at vi skal betala for vegar vi nesten ikkje brukar, meiner innbyggjarar.

Kristine Lokøy Haukenes

KRITISK: Kristine Lokøy Haukenes pendlar dagleg med ferja frå Varaldsøy. Ho er skeptisk til at det er ferjepassasjerane som skal finansiere vegprosjekta i Kvinnherad.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Viss dette skjer, er det spikaren i kista for moglegheita for å bu på Varaldsøy, meiner Kristine Lokøy Haukenes.

Ho bur og pendlar dagleg frå den store, men etter kvart nokså folketomme øya i Hardangerfjorden, ved hjelp av ferjesambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årnes.

Frå 2021 ynskjer Kvinnherad kommune å auke bompengane på ferjebillettane.

Pengane skal inngå i finansiering av Kvinnheradpakken, der ein skal utbetre og vedlikehalde dei mest utsette vegstrekningane i kommunen.

– Urettferdig

På Varaldsøy meiner dei pengane heller burde vore brukt på ny ferjekai, som innbyggarane har venta på i 30 år.

– Ferjekaia i dag er altfor liten. Det er berre éi av ferjene som kan legge til her, og kaia er plassert sånn at ferja må køyre ekstra langt. Sjølv om kommunen allereie har gjort tre vedtak for ei ny ferjekai, skjer ingenting, fortel Haukenes.

Ho er frustrert over at kommunen no heller vil prioritere vegar på fastlandet – spesielt fordi dei mange Varaldsøy-innbyggarane nyttar sjøvegen til og frå arbeid og fritidsaktivitetar, og dermed vil få ein stor del av kostnadane.

Haukenes meiner det er svært urettferdig at dei som er avhengige av ferja skal finansiere vegar ho meiner dei ikkje brukar. Varaldsøy har dei seinare tiåra opplevd stor nedgang i folketalet, og Haukenes fryktar også dei siste 212 innbyggarane snart vil vere borte.

– Det er rett og slett håplaust. Dei som bur på fastlandet brukar ferja eit par gongar i månaden, medan vi brukar ho eit par gongar om dagen, seier Haukenes.

Haukenes fortel at berre på seg sjølv og eitt born brukar ho 4000 kroner i månaden på ferja.

Peder Sjo Slettebø ordførar i Kvinnherad (H)

KAN IKKJE LOVE NOKO: Ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, seier han vil jobbe for å få til ei ordning som er tilpassa pendlarane, men vil ikkje love noko.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvinnheradpakken gjev prisauke

Totalt sju ferjesamband i Noreg har bompengeinnkrevjing i form av eit påslag på ferjebilletten, ifølgje Vegvesenet. Fire av dei ligg i Hordaland.

På Varaldsøy-ferja eksisterer det allereie ei bompengeløysing. Den vert nytta til å betale for ferjekaien på Årsnes.

Eit samrøystes kommunestyre i Kvinnherad vedtok for to veker sidan at sambandet også skal vere med på å finansiere Kvinnheradpakken frå 2021, når ferjekaien er ferdig betalt.

For personbilar under seks meter, er forslaget at bompengane frå 2021 skal utgjere 40 kroner, inkludert passasjerar. I dag er bompengane 13 kronar for ein bil, og seks for ein passasjer.

Kan ikkje love noko

Ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, seier han vil sjå om ein kan tilpasse avgiftene for pendlarane.

– Eg kan ikkje love noko. Men når vi har eit spleiselag, så må alle bidra, seier han.

Han forstår at innbyggjarane ynskjer seg ny ferjekai på Varaldsøy, og seier at han jobbar for å få realisert dette.

– Vi må ha med fylkeskommunen, men vi skal sjå jobbe meir med saka, seier Slettebø.