NRK Meny
Normal

Årets første hauststorm slår inn over kysten: Fleire hundre straumlause husstandar

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Vestlandet, og det er venta kraftig vind og mykje nedbør natt til måndag. Velta tre har ført til fleire straumbrot.

Paraplyer i Bergen

NO KJEM REGNET: Etter ei veke med sol og temperaturar rundt 20 grader i Bergen, er no årets fyrste hauststorm på veg.

Foto: Emil Breistein / NTB scanpix

– Det du har planar om å ordne før hausten set inn bør du ordne ganske kjapt. No er årets første hauststorm i gang, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Rafael Escobar Løvdahl.

Søndag kveld aukar vinden gradvis, og det er venta sør og søraust liten storm på kysten.

I indre strøk er det venta lokalt kraftige vindkast, på 24–30 m/s.

– Fronten begynner å nærme seg no, og i fjellet er det allereie liten storm. På Flesland er det liten kuling, og på Fedje er det sterk kuling. Men vi har framleis ei auke i vente, seier Løvdahl søndag kveld.

Laster Twitter-innhold

Over 500 var straumlause

Klokka 22 var totalt 523 husstandar i Bergen og Samnanger utan straum.

– Vi trur det er eit tre som har velta over linja på Smørås, og har vakter ute som går linjebefaring, seier kommunikasjonsrådgivar Anne Mette Tuvin i BKK.

Også i Samnanger skapte eit rotvelta tre problem.

– Det er sterk vind ute no, og då kan det fort skje at tre veltar, seier Tuvin.

Klokka 23 er framleis 61 husstandar i Bergen og 147 i Samnanger straumlause.

Det er moglegheit for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport. Bruer kan verte stengd, og takstein og takplater kan blåse av bygningar, heiter det i OBS-varselet.

Verst i natt

Mest vind vert det i natt, ifølge meteorologane.

– Då kan det nok verte full storm i fjellet, og kraftige vindkast langs kysten, seier Løvdahl.

Brannvesenet i Bergen har søndag kveld rykka ut til fleire tilfelle av tre som har velta ut i vegbana:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Det har ikkje vore fare for personskade i samband med trevelt. Vi oppmodar folk til å vere observant, og sikre gjenstandar på terrassar og rundt hus, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Førebels er det ikkje meld om stengde vegar, men trafikkoperatør Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen ber folk vere obs på at det kan rase fleire tre ut i vegbana.

– I løpet av kvelden og natta reknar eg med at det vert fleire treveltingar. Spesielt i morgon tidleg vil det vere lurt å vere observant, spesielt i distriktet. Her kan ein få seg ei overrasking rundt neste sving, seier Hansen.

Roar seg måndag

Vinden er venta å minka seint natt til måndag. Truleg vil det roe seg etter klokka 06.

– Då vert det mindre vind og overgang til regnbyer med tore. Lokalt kan det kan bli 70–80 millimeter nedbør i løpet av 24 timar, og kanskje litt meir i sør. Dette vert vått og vindfullt, seier Løvdal.

Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl sjekker været.

MYKJE VIND: Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Rafael Escobar Løvdahl, ber folk halde seg innandørs på fjellet og langs kysten.

Foto: Magne Hansen / NRK

Meteorologen håpar folk har tjora fast utemøblar og trampolinar.

– Det ein ikkje har gjort allereie, får ein kanskje ikkje gjort noko med. Har ein stabla møblar frå sommaren som skal inn til vinteren, må ein ta det inn snarast. Ein bør ikkje ferdast ute i fjellet i natt, det kan vere direkte farleg.

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy