NRK Meny
Normal

Melder politiet etter at dottera døydde

I 2011 blei litauiske Monika Sviglinskaja (8) funnen omkomen i ein bustad på Sund. No skal Spesialeininga for politisaker vurdere om politiet gjorde noko straffbart då dei avslutta etterforskinga.

Dødsfall

FUNNEN DØD: Åtte år gamle Monika Sviglinskaja blei funnen død i heimen sin på Sund. Ni månader seinare la politiet vekk saka. No har mor til Mor til Monika meldt poltiet for manglande etterforsking.

Foto: Remi Presttun/Bergensfoto.no

Den litauiske jenta blei funnen omkomen i heimen sin på Steinsland i Sund kommune 14. november 2011. Ni månader seinare blei saka lagt vekk fordi politiet meinte det ikkje låg noko straffbart bak dødsfallet.

No har mor til åtte år gamle Sviglinskaja meldt politiet i Hordaland, skriv Bergens Tidende. Sviglinskajas bistandsadvokat, Stig Nilsen, bekreftar til avisa at han har skrive anmeldelsen på vegne av mor til åtteåringen.

Kritikk frå Kripos-topp

I august 2012 la politiet vekk saka, men i etterkant har politiet fått kraftig kritikk frå tidlegare Kripos-topp Asbjørn Hansen.

I ein rapport frå Hansen blei det konkludert med at politiets etterforsking hadde vesentlege manglar og at saka aldri skulle vore lagt vekk.

Rapporten legg mellom anna vekt på at åtteåringen ringde ei rekke gonger til mor si tidleg på dagen. Då mora ringde tilbake, fekk ho ikkje svar. Deretter blei telefonen til jenta slått av, og telefonen blei aldri funnen.

Fleire vitne har også fortalt til politiet at dei såg ein person rundt huset på det aktuelle tidspunktet.

Tok opp att saka

I mai i år vart etterforskarar frå Kripos kopla inn for å hjelpe politiet i Hordaland med ein ny gjennomgang av det mystiske barnedødsfallet.

– Dette er helt avgjerande og i tråd med mi oppmoding. Kripos bør også leie den taktiske etterforskinga, sa bistandsadvokat Nilsen til NRK då det vart kjent.

No skal altså Spesialeininga for politisaker, ein uavhengig instans, vurdere om politiet har gjort noko straffbart ved å legge vekk saka.

Hjelm-Hansen seier til BT at Spesialeininga førebels ikkje ferdig med dei innleiande undersøkingane, men at det truleg blir tatt stilling til i løpet av eit par veker om Spesialeininga skal gå vidare med saka.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2