TEIKNAR: Elevane har teikna for å minnast Monika Sviglinskaja (8).
Foto: Christian Kråkenes / NRKMåndag ettermiddag blei Monika Sviglinskaja (8)
sin på Vorland i Sund.Politiet sette straks inn store ressursar på å finna ut kva som hadde skjedd, men framleis er det usikkert kva som førte til at ho døydde.
Les og:
Mange rykte
Ordførar Ove Trellevik i Sund kommune seier til lokalavisa
at det går mange rykte i lokalmiljøet.– Eg har sett folk følgja borna sine heilt til skuledøra. Dei er redde, og det er vondt å sjå på, seier Trellevik.
STRANDA SKULE: Skulen og lokalsamfunnet er prega av dødsfallet.
Foto: Christian Kråkenes / NRKPolitiet har sagt at det kan ta lang tid å finna svaret på korleis ho døydde.
Ordføraren fryktar at situasjonen blir endå verre viss ikkje politiet snart finn ut kva som har skjedd. Han ser for at rykteflommen kan koma heilt ut av kontroll.
– Om ein må venta fleire veker, så er det absolutt ikkje bra, seier Trellevik.
Blir lenger på SFO
Rektor Svein Ove Hammersland på Stranda skule stadfestar dette inntrykket.
– Foreldre følgjer borna til skulen eller til skulebussen. Ein del av elevane blir verande lenger utover ettermiddagen på SFO, for at dei ikkje skal koma heim til tomt hus, seier Hammersland til NRK.
Rektoren seier han forstår at foreldra er urolege, så lenge dødsfallet ikkje er oppklart.
FORSTÅR FRYKTA: Rektor Svein Ove Hammersland seier han forstår at foreldre kan bli redde.
Foto: Christian Kråkenes / NRKKan ikkje konkludera enno
LENSMANN: Odd Dale seier dei ikkje kan hindra ryktene.
Foto: Larsen, Bjørn Erik / SCANPIXLensmann Odd Dale seier til avisa at han forstår ryktene som går, men avviser at dei kunne ha gjort noko for å hindra rykteflommen.
– Det er alltid ei utfordring med rykte som går. Vi kan ikkje gå ut med opplysningar eller trekka konklusjonar som vi ikkje har grunnlag for, seier lensmannen.