Hopp til innhold

Politiet veit ingenting om bakgrunnen for øksedrama på Fleischers

Politiet har arrestert ein person på Voss, etter at ein 45 år gamal mann vart angripe med øks på Fleischers Hotell. – Vi veit ingenting om bakgrunnen for denne episoden, seier lensmann Ivar Hellene.

Øksedrama på Voss

SKADA MED ØKS: Politiet gjer undersøkingar på Fleischer`s Hotell, der ein mann vart angripe av ein anna mann med øks fredag formiddag. Gjerningsmannen er arrestert.

Foto: Arne Hofseth

Den 45 år gamle mannen vart angripe med øks, og er sendt til Voss sjukehus for behandling. Det er framleis uvisst kor alvorleg skadane hans er.

– Klokka 10.00 fekk me melding om at ein person gjekk til angrep på ein anna person inne på hotellet, seier lensmann Ivar Hellene. Gjerningsmannen er arrestert og vi har sett i gang full etterforsking, seier Hellene til NRK.

– Ingen av dei to er avhøyrde enno. Men vi har fullt trykk på saka og gjer alt som er naudsynt, seier lensmannen.

Gjer undersøkingar

Øksedrama på Voss

ETTERFORSKING: Politibetjent Audun Høyland ber vekk bevismateriale frå hotellet.

Foto: Arne Hofseth

Fleischers Hotell ligg rett ved jernbanestasjonen på Voss. Politiet skal no vere ferdige med å gjere undersøkingar på åstaden.

– Hotelldriften går normalt. Eg trur ikkje gjestane våre har merka stort til denne episoden, seier regnskapssjef Jorunn Marit Haugland ved Fleischers Hotell til NRK.

Haugland fortel at ingen av dei tilsette på hotellet skal ha sett hendinga.

Eit vitne på staden seier til NRK at det ved 11-tida var seks politifolk på staden. Dei jobba i 1. etasje på hotellet, i overgangen mellom det nye og gamle hotellbygget.

Tre politimenn har frakta vekk det som kan vera bevismateriale.

Politiet melde om hendinga på Twitter klokka 10.20. Då var gjerningsmannen arrestert.

Lettare skadd

Like etter klokka 11.30 opplyser Voss sjukehus at den 45 år gamle mannen er lettare skadd.

Til NRK seier lensmann Hellene at politiet ikkje har gjort avhøyr av gjerningspersonen eller fornærma.

– Det er for tidleg å seia noko meir om kva som har skjedd.