NRK Meny
Normal

«Nina» bles trea ned i heile Hordaland

Politiet har fått så mange meldingar om tre som bles ned i fylket at dei har bedt folk om å ringe berre viss det er naudstilfelle. I Bergen har fleire fått trea tett på husa.

Tre falt over hus i Birkelundsbakken i Bergen

SJÅ VIDEO: I Birkelundsbakken på Paradis i Bergen falle eit tre over eit hus.

Birkelundsbakken

TRE OVER HUSER: I Birkelundsbakken på Paradis i Bergen falle eit tre over eit hus.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det er kraftig vind i heile fylket, og i Birkelundsbakken fall eit tre over eit hus tidlegare i laurdag kveld. Det har vore ein travel kveld for politiet og brannvesenet.

Tre sperrar ved ved Stadsporten

STENGER VEGEN: Eit stort tre sperrar vegen 200 meter frå Stadsporten på Kalfaret i Bergen, mellom bomstasjonen og Kalfarlien.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Inne i Sædalsvegen er det eit gedigent grantre som har falle tvers over vegen, og har øydelagt gjerdet på andre sida, så det er ikkje mogeleg å køyre der, seier ein innringjar.

200 meter frå Stadsporten på Kalfaret i Bergen, mellom bomstasjonen og Kalfarlien, sperrar eit tre vegen. Treet har tatt med seg to trolley-linjer, og det er omkøyring via Møllendal.

Laster Twitter-innhold

Fekk tre gjennom veggen

Treet kom gjennom veggen

GJENNOM VEGGEN: Betty Teigland i Sædalen i Bergen fekk eit tre gjennom kjøkkenveggen.

Foto: Betty Teigland

Betty Teigland i Sædalen i Bergen fekk eit tre gjennom veggen då stormen herja.

– I ettermiddag var det eit tre som knakk. Det kom som eit prosjektil gjennom veggen, seier ho.

– Sonen min var her og han lurte på om det var rutene var gått fordi det bles slik, og då sjekka han alle vindauge. På kjøkkenet stod det eit tre gjennom veggen, seier Betty Teigland.

Treet har gått inn heile vegen gjennom gipsplatene.

– Heldigvis har det komme gjennom mellom over-skapa og underskapa. Hadde treet treft tre meter lenger inn kunne det ha treft sonen min der han sat i sofaen, seier Teigland.

– Bles frykteleg

Då NRK snakka med Betty Teigland like før klokka 20.00 blas det framleis kraftig i Sædalen.

– Det bles frykteleg. Me bur oppe på ein haug, så det er ein god del som har opplevd at takstein har falle frå husa, og ein del har prøvd å redde bilane seine, seier Teigland.

Kva gjer du med det treet på kjøkkenet no?

– Me kan ikkje gjere så veldig mykje, for me må vel ha forsikringsselskapet på besøk før me kan gjere noko med det.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.