– Kjære bergensarar, kjære alle andre også. Me er jo inkluderande på 17. mai, også i Bergen, sa statsminister Erna Solberg frå scena på Festplassen i Bergen i ettermiddag.
Statministeren er årets hovudtalaren på 17. mai feiringa i Bergen, og gratulerte alle med grunnlova, framtida og barna sin dag. Ho la i talen sin vekt på at me feirar meir enn grunnlova vår på 17. mai.
– Me feirar også samfunnet som er skapt sian 1814 og verdiane som er viktige for oss, sa Solberg.
Eidsvoll-mennene sin innsats i 1814 blei naturlegvis omtalt i talen, og innsatsen deira førte ikkje berre fram til grunnlova våre, men var også starten på det norske folkestyret, sa Solberg.
Ho nemnde også spesielt innsatsen til bergensaren Wilhelm Koren Christie i 1814, og Christian Michelsen sin innsats under unionsoppløysinga nesten hundre år seinare.
– Me feirar særleg alle som deltar i korps og kor
– Det er ikkje berre orda i grunnlova me feirar, me feirar fødeselen av det moderne Noreg. Me ferier folkestyre, folkets suverne makt i Noreg, og feirar at makta er fordelt slik at det skapar tryggleik og forutsigbartheit i vårt samfunn.
Kunst og kulturlivet i Noreg var noko statsministeren trekte fram i talen sin, og ho la då særleg vekt på frivilligheit.
– Den frivillige innsatsen flerie hundretusen nordmenn gjer kvar dag er etter mi meining noko av det vakraste og beste med Noreg. I dag har me folkefest over heile landet og eg synest det er grunn til å seia at me særleg feirar alle dykk som deltar i kor og korps. Takk for ein fantastisk innsats.
LES OGSÅ:
– Framsynt, men ikkje perfekt
Av andre ting me feiar på 17. mai nemnde Erne Solberg det at me i Noreg lev i eit land med stor friheit frå overgrep, fattigdom, tvang og kontroll, og at me i fellesskap har utvikla eit velferdssamfunn, ein rettsstat og eit demokrati.
– Me feirar handling, ansvar og ikkje minst den viktige og sterke viljen til å skapa endring, sa statsministren.
Ho kalla Eidsvoll-mennene for framsynte, men la likevel vekt på at alt ikkje var perfekt med grunnlova i 1814.
– Nasjonen Noreg blir til medan me går, i dag feirar me at me for 200 år sidan fekk eit godt kart for vegen vidare, avslutta ho med på Festplassen i Bergen.