Hopp til innhold

Ikkje imponert over mediestrategien til Unge Høgre

Medan stadig fleire Unge Høgre-medlemmer har blitt blanda inn i narkosaka i Bergen, har toppane i ungdomspartiet vore nesten heilt tause. Først i går stilte Unge Høgre opp til intervju. Ein klønete mediestrategi, meiner fleire ekspertar.

Frank Aarebrot

UNDERLEG: Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot meiner det kan gje negative konsekvensar å ikkje uttale seg.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det er ein underleg PR-strategi, seier professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot.

Leiarane i Høgre har stått fram på rekke og rad og snakka om nulltoleranse og alvorlege tillitsbrot. Frå toppane i Unge Høgre har det derimot vore nesten heilt stilt fram til i går.

– Når eit politisk parti kjem i mediefokus på den måten, så er det viktig at dei forsøkjer å snu noko som i utgangspunktet er negativt til noko som har positivt for seg, meiner Aarebrot.

Aarebrot meiner at det kan gje negative konsekvensar å ikkje uttale seg.

– Ein skaper mistanke om seg sjølv i staden for å vere klargjerande. Eg trur denne mediestrategien er ganske dum, forklarer han.

Snakka om narkoavsløringane

Leder Paul Joakim Sandøy i Unge Høyre

AVVISER: Leiar i Unge Høgre, Paul Joakim Sandøy avviser at dei har unngått å snakka om den store narkotikasaka.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Dette er ei trist sak som har prega Unge Høgre. Vår viktigaste oppgåve blir no å gjenoppretta tilliten, slik at foreldre kan vere sikre på at unge kan engasjere seg i politisk arbeid i trygge rammer, sa Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy til NRK.no i går ettermiddag.

Sandøy avviser at Unge Høgre har unngått å snakka om den store narkotikasaka som er under opprulling i Bergen.

– Vi har sendt ut informasjon undervegs, men vår prioritet har vore å ta oss av dei involverte, seier Sandøy.

Ikkje imponert

PR-rådgjevar Trond Albert Skjelbred i NOR-PR er heller ikkje imponert over Unge Høgre si handtering av denne saka.

– Om du vel å ikkje uttala deg om ei sak, ikkje kommentera og er utilgjengeleg ved å til dømes slå av telefonen, så skaper det rom for rykte. Dette kan gjere saka verre enn den eigentleg er, forklarer Skjelbred.

Trond Albert Skjelbred

SKAPER RYKTE: PR-rådgjevar Trond Albert Skjelbred er ikkje imponert over Unge Høgre si handtering av saka.

Foto: NOR PR

Skade omdømmet?

Om hasjsakene vil skade omdømmet til Høgre som parti, er professor Aarebrot meir i tvil om.

– Eg er ikkje sikker på kor mykje det vil bety, for eg trur at folk har ei viss forståing for nulltoleransen deira, seier Aarebrot.

Skjelbred meiner det vil vere negativt for partiet på kort sikt.

– Det er klart at dette er negativt for omdømmet til Høgre på kort sikt, men det som er avgjerande over tid er måten ein handterer slike kriser på.

Skjelbred seier det er viktig å stille opp i slike saker og ikkje drive på å gøyme seg bort,

– Det er i alle fall ikkje bra, seier PR-rådgjevaren.