NRK Meny
Normal

– Tunnelen vil ikkje løysa trafikkproblema

Eikåstunnelen er ikkje nok til å løyse trafikkproblema mellom Nordhordland og Bergen, meiner Meland-ordføraren. Sjå flyfoto av tunnelprosjektet her.

Eikåstunnelen opnar 16. oktober. Slik ser prosjektet ut får lufta. Foto: VPB Media

SJÅ VIDEO: Eikåstunnelen skal snart opnast, men vil den løysa opp køane? Sjå unike bilete av vegprosjektet får lufta. FOTO: VPB Media

På Eikås i Åsane passerer det rundt 21.000 bilar i døgnet, og dette gjev lange køar både morgon og ettermiddag.

Personleg så meiner eg at rekkjefølga er feil. Nyborgtunnelen burde kome fyrst.

Meland-ordførar Nils Marton Aadland

Når den nye Eikåstunnelen på E39 opnar 16. oktober, håpar mange at den vil få trafikken til å flyta betre.

– Denne utbygginga vil løysa mykje. Med denne utbetringa så forvente vi ei tydeleg betre trafikkavvikling både mot E16 og mot E39 mot Nordhordland, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

– Løyser ingenting

Men ikkje alle er einige i det. Meland-ordførar Nils Marton Aadland meiner køkaoset vil halda fram også etter at den nye tunnelen opnar om nokre veker.

– Eikåstunnelen løyser ikkje utfordringane mellom Bergen og Nordhordland, meiner Aadland.

– Eg ser for meg at køen mellom Bergen og Steinestø vil slå inn litt lengre nord. Den vil rett og slett berre flytta køen nokre hundre meter lengre nord.

  • Kva meiner du? Bruk kommentarfeltet nedst!

Meland-ordføraren meiner den langt lengre tunnelen mellom Nyborg og Klauvaneset no må bli bygd for å betra trafikkforholda.

– Personleg så meiner eg at rekkjefølga er feil. Nyborgtunnelen burde kome fyrst. Den burde vore ferdig. No er situasjonen at Eikåstunnelen kjem, men vi vil ha fokus på at Nyborgtunnelen må kome uansett, seier Aadland.

Eikåstunnelen sett fra Haukås

OPNAR SNART: Den 16. oktober opnar Eikåstunnelen på E39, som mange håpar betrar trafikkproblema i området.

Foto: Synnøve Lien / Statens Vegvesen

Forstår ønsket

Regionvegsjef Helge Eidsnes har ikkje vanskar med å forstå at Aadland ønsker seg ei utbygging av Nyborgtunnelen.

– Eg forstår at han som ordførar i Nordhordland-regionen meiner det. Men Nyborgtunnelen er eit mykje større prosjekt. Det er mange gongar finansiering av Eikåstunnelen og det er eit bompengeprosjekt.

– Vi må alle jobba vidare for å få det realisert, men no står vi der vi er og så får vi jobba vidare for Nyborgtunnelen etter kvart, seier regionvegsjefen.

  • Kva trur du om Eikåstunnelen? Sei din meining under!