Hopp til innhold

– Skal bli ein verdig og fin dag

Seksti frivillige frå Arbeidarpartiet og AUF er på Utøya og jobbar med å gjera øya klar for minnemarkeringa på søndag.

Jette Christensen

Jette Christensen er på Utøya og jobbar med å gjera klart for minnemarkeringa på søndag.

Foto: Privat

Overlevande og pårørande etter 22. juli kjem søndag til Utøya. Det skal då haldast ei minnemarkering på øya.

Jette F. Christensen, nestleiar i Hordaland Arbeidarparti, er ein av dei seksti som no er på Utøya for å gjer ting klar. Ho har sjølv mange minner frå øya.

Utøya fra sjøen

På søndag skal det vera minnemarkering på Utøya. Pørørande og overlevande vil delta i markeringa.

Foto: Anne-Cathrine Reuterdahl / NRK

– Eg har lært veldig mykje av det eg kan på Utøya, seier Christensen til NRK.

– Korleis er det å vera der no?

– Det er fint. Me held på å rydda, vaska og gjera det klart. Me ordnar til og passar på at dagen skal bli så fin som mogleg for alle, seier Jette F. Christensen.

– Alle er veldig innstilte på at me skal laga ein verdig, trygg og fin dag for alle som kjem på søndag. Me skal prøva å få det til at me saman kan få ei fin stund saman, seier Ap-politikaren.

Både tid aleine og saman

Etter terroråtaket 22. juli i fjor stod Jette F. Christensen for koordinering av kontakten mellom foreldre, pårørande og unge som kom frå massakren på Utøya i live.

– Eg har møtt dei igjen fleire gongar tidlegare i år. Det er alltid kjekt å treffa både foreldre og AUF-arane, og eg trur ramma me sett på arrangementet på søndag vil bli verdig og fint, seier Christensen.

– Korleis blir markeringa?

– Det skal både vera eigentid for dei etterlatne og for AUF-arane. Det skal vera stilletid, og moglegheit til å gå rundt og vera for seg sjølv. Det blir mat og talar, synging og samhald, seier Jette F. Christensen.