Hopp til innhold

– Eg lyg om eg seier eg er mann eller kvinne

Kristin har levd heile sitt liv utan å finne sin plass i det tradisjonelle to-kjønnssystemet. No ønskjer Framstegspartiets ungdom å innføre eit tredje kjønnsalternativ «hen».

Kristin Fridtun

IKKJE HO ELLER HAN: Kristin Fridtun er 28 år. I alle desse åra har Kristin levd utan å finne sin plass i det tradisjonelle to-kjønnssystemet.

Foto: NRK

Kristin Fridtun er 28 år, og har i alle desse åra levd utan å finne sin plass i det tradisjonelle to-kjønnssystemet.

– Eg føler ikkje at det er nokon av dei delane som passar meg, seier Kristin.

Det er ikkje ein han eller ei ho, men ein «hen» Kristin ser i spegelen.

– Eg meiner at det systemet vi har laga oss med to ulike og strengt åtskilde kjønn, har laga oss eit problem eller eit kart som ikkje passar heilt til terrenget, forklarar Kristin.

Bjørn-Kristian Svendsrud, nestformann Framstegspartiets ungdom

«HEN»: Bjørn-Kristian Svendsrud, nestformann i Framstegspartiets ungdom, ønskjer å gå inn for eit tredje juridisk kjønnsalternativ.

Foto: NRK

Eit tredje kjønnsalternativ

Helse- og omsorgsdepartementet si ekspertgruppe anbefalte nyleg statsråden å innføre ei lov som gjer det enklare for transpersonar å endre juridisk kjønn.

No ønskjer Framstegspartiets ungdom at moderpartiet skal gå inn for eit tredje juridisk kjønnsalternativ for dei transpersonane i Noreg som verken definerer seg som kvinner eller menn.

– Det er fordi enkelte menneske ikkje føler seg som verken mann eller kvinne. Då vil FPU at systemet ikkje skal stå i vegen for enkeltindividet. Difor meiner vi at eit tredjekjønnsalternativ kjem på banen, seier Bjørn-Kristian Svendsrud, nestformann i Framstegspartiets ungdom.

Mange har eit identitetsspørsmål

Ein forskingsrapport anslår at det kan vere så mange som 200 000 nordmenn, som kjenner på identitetsspørsmål knytt til kjønn. Det er fleire enn det er innbyggjarar i til dømes Oppland fylke.

Ei betydeleg part av gruppa ville ha kryssa av for eit tredje kjønn, dersom dei hadde moglegheita. Det meiner kjønnsforskar Janneke van der Ros, ved Høgskulen i Lillehammer.

kjønnsforsker Janneke van der Ros.

IDENTITETSSPØRSMÅL: Kjønnsforskar Janneke van der Ros anslår at det kan vere så mange som 200 000 nordmenn, som kjenner på identitetsspørsmål knytt til kjønn.

Foto: NRK

– Det er mange som er anten kjønnsavisande eller som føler at dei er født i feil kropp, eller som ønskjer å ha begge kjønn, eller vil uttrykkje seg i forskjellige kjønn til forskjellige tider, seier van der Ros.

Forskaren opererer med tolv kategoriar, som fell utanfor tokjønnsystemet: Androgyne, kjønnsvariant, queer, ikkje kjønnsnormativ, transversitter, KtM, tokjønna, kjønnsmangfaldig, MtK, intetkjønn, kjønnstvetydige og kjønnsavvisande.

– Enklare barndom

Kristin trur barndommen ville vore enklare om det hadde eksistert eit tredje kjønnsalternativ.

– Om eg hadde visst når eg til dømes var ni år, at det gjekk an å vere noko meir enn berre mann eller kvinne, då trur eg at det kunne spart meg for mange vonde timar på barnerommet og mange psykologtimar, seier Kristin.