NRK Meny
Normal

– Kva?! Ligg den handskrivne lista ute?!

Fristen for å levere inn vallista kom litt brått på i år, innrømmer Fitjarlista i Fitjar kommune i Hordaland.

Fitjarlistas valgliste for 2015

EIGEN STIL: Slik ser Fitjarlista 2015 ut. Listetoppen innrømmer at dei laga lista i siste liten for å rekke fristen.

Foto: Fitjar kommune/Faksimile

Vallogo

Det er fem månader til kommunevalet, og vallistene frå dei ulike kommunane er klare for lengst. I PDF-fila frå Fitjar kommune kan vi skrolle oss nedover ryddige, oversiktlege og sikkert nøye gjennomtenkte navn og kolloner.

Så kjem vi til sistesida. Fitjarlista.

Kristian Skumsnes i Fitjarlisten

LISTETOPP-SELFIE: Kristian Skumsnes på Fitjarlista trudde ikkje vallista skulle offentleggjerast slik som ho var.

Foto: KRISTIAN SKUMSNES

Skrive med både pc og kulepenn.

Full av overstrykingar.

Sjokk og vantru

– Kva?! Ligg den handskrivne lista ute?!

– Ja, trudde du nokon skulle skrive ho fint for deg?

– Ja, dei gjorde det i fjor. Kan det vera sabotasje?

Kristian Skumsnes ler. Han står på førsteplass på Fitjarlista og vedgår glatt at den handskrive lista er eit resultat av hastverksarbeid.

– Me planla det ikkje før kvelden før klokka halv ni at me skulle gå i gong. Då blei det litt dårlig tid, og det er me jo kjent for, seier Skumsnes.

Alvorleg tull

Vallistene måtte leverast 31.mars. Fitjarlista rakk det såvidt. Dei har eitt mål for auget: Dei vil redda kommunen sin frå å bli slått saman med Stord.

Sjølv om lista ser tullete ut og Skumsnes ler under mykje av intervjuet, ligg eit snev av alvor under det heile. Kommunesamanslåing er ikkje tull.

– Det er veldig seriøst. For det er jo en tragedie om det skjer. Som innbyggar trur ikkje eg me får det betre, seier politikaren.

Varslar beskjeden valkamp

Med åtte navn på lista manglar dei litt på å kunne få full kontroll i kommunestyret. Skumsnes lovar at i alle fall dei fleste på lista veit at dei står der.

Ved valet i 2011 gjorde dei ingen ting under valkampen. Da fekk lista 37 stemmer.

– I år skal me muligens lage litt vafler. Eller potekaker, om det må til, seier Skumsnes.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.