NRK Meny
Normal

– Kommunane tenker for mykje med hjarta

Mange kommunar risikerer å ta dårlege avgjerder om samanslåing, fordi det er for mykje kjensler i sakene, meiner Radøy-ordførar Jon Askeland.

Jon Askeland

– NO HASTAR DET: Ordførar i Radøy, Jon Askeland, meiner mange kommunar risikerer å ta dårlege avgjersler om samanslåing fordi de er så mykje kjensler knytt til samanslåing.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

I Nordhordland vedtok Lindås og Radøy kommune siste veke å gå i forhandlingar om å slå seg saman til ein kommune. Men medan dei i Nordhordland veit kva dei vil prøve å få til, har dei færraste kommunane nøsta opp i kva dei vil gjere.

Eg trur ein får ta fram att hjarte når det er framforhandla avtalar, og ein ser kva avgjersler ein skal ta.

Jon Askeland, ordførar i Radøy

Innan 16. mai 2016 må kommunane svare på om dei vil slå seg saman med andre eller halde fram åleine, og no må hordalandskommunane få opp farten, meiner ordførar i Radøy i Nordhordland, Jon Askeland.

Han meiner mange kommunar kan risikerer å ta dårlege avgjerder om samanslåing fordi det er for mykje kjensler i sakene.

– Eg trur ein får ta fram att hjarte når det er forhandla fram avtalar og ein ser kva ein skal ta avgjersler på. Då kan ein sjå på korleis dette stemmer med hovud og hjarta, og kva dette betyr for meg og mine i framtida, seier Askeland.

LES OGSÅ: Varslar tøffe forhandlingar i Nordhordland

– Tenker for mykje med hjarta

At det er kjensler ute og går når det gjelder kommunesamanslåing, kjenner ordførar i Samnanger, Marit Aksnes Aase (KrF), seg att i.

Marit Aksnes Aase

– KJENSLELADD: Det er mykje kjensler i sving når me diskuterer kommunesamanslåing, stadfestar ordførar i Samnanger, Marit Aksnes Aase (KrF).

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Ja, det gjer eg. Det er mykje kjensler i befolkninga.

Samnanger har enno fem mogelegheiter dei vurderer for framtidas kommune, og Krf-ordføraren innrømmer at dei har dårleg tid.

– Me har ikkje god tid, men håpar og reknar med at me har nok tid. Debatten har gått lenge, og den politiske prosessen er starta, men det er krevjande å få prioritert dette når me har så mykje anna arbeid me og må gjere.

– Naturleg med folkeavrøysting

Radøy er mellom dei som har kome lengst i samarbeidsprosessen i Hordaland.

Kommunen skal no prøve å bli samde med nabokommunane om alt frå tenestetilbod, lønn til tilsette, plassering av kommunale tilbod og avgiftspolitikk.

Konsekvensen av å vente for lenge med å ta ei avgjersle, kan bli at kommunane får for dårleg tid, meiner Askeland.

– Ein ting er at kommune politikarane kan få eit greitt nok grunnlag til å fatte vedtak på, men eit viktig premiss for arbeidet er at innbyggjarane må vite kva dette betyr for dei. Det betyr folkemøte, informasjon og involvering. Det er nok naturleg at det mange plassar også vert folkeavrøysting, meiner Radøy-ordføraren.

LES OGSÅ: Fikk nei av naboen i nord: – Helt greit

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.