Om det går mot slutten for Manger som kommunesentrum er ikkje sikkert, for i Radøy har dei ikkje bestemt seg for om dei vil ha ein storkommune eller ikkje.
– Nei, det har eg ikkje gjort, seier ordførar Jon Askeland i Radøy (Sp).
– I dag gjer me eit vedtak om å forhandle med nabokommunar om vilkåra for ei eventuell samanslåing, legg han til.
- LES OGSÅ:
– Skulle helst sloppe
Kommunestyret i Lindås har vedtatt at dei ynskjer å forhandle med nabokommunane, men ordføraren trur ikkje det blir så enkelt med samanslåing likevel.
– Me må byrje ein stad, og så tenkjer eg at me nok blir einige, seier ordførar Astrid Byrknes (KrF) i Lindås.
Slår Radøy og Lindås seg saman vil dei komme opp i eit innbyggjartal på 20.108 personar. Men kommunen kan verte enda større, for Meland vil truleg også vere med.
Ordførar Askeland i Radøy trur ikkje det er så mykje å spare på samanslåing, og helst skulle han vore utan forhandlingsrunden som no kjem.
– Det ville eg helst sloppe å tenkje på, for me er ein god kommune, og me driv kjempeeffektivt, seier Askeland.
Vil ta vare på tenestetilboda
Kommunane har eit og eit halvt år på seg til å bli samde om alt frå skattestruktur til plassering av tenestetilbod. På butikken ved rådhuset i Radøy, er rådet å stå knallhardt på krava.
– Dei må ikkje få dårlegare tenester enn dei har i dag, seier Ansgar Valdersnes.
– Det er viktig at me har gode forhandlarar, og veit kva me vil. Me må prøve å grave mest mogeleg til oss. Me har det veldig godt i Radøy, men me skulle hatt litt meir pengar slik at me fekk oss ein kafé, seier Karina Tveiten.
– Miljø, kultur, og at ein ikkje mistar sin eigenart, seier Arne-Geir Aasheim.
Og går det slik ordføraren i kommunen vil, så blir krava til innbyggjarane viktige i forhandlingane.
– Det eine er demokratisk innverknad, og å ta vare på tenestetilbodet der folk bur på Radøy. seier ordførar Jon Askeland.