– Følg med på trafikkmeldingar

Dei fleste av vegane i Hordaland som har vore stengde på grunn av uvêr og rasfare, er no opna igjen. Fylkesveg 314 i Bergensdalen vil truleg vere stengd i nokre dagar til. På E16 ved Bolstadøyri blir trafikken dirigert med ledebil. Vegtrafikksentralen ber bilistar følgje med på trafikkmeldingar på 175.no.

Kø av bilar som ventar på ledebil ved Bolstadøyri
Foto: NRK-tipsar