Kring klokka 18 rykka politiet ut til bybanestoppet på Wergeland i Bergen.
– Me har fått melding om at det skal ligge ein person som blør på Bybanen ved Wergeland. Han skal ha blitt trua eller stukken med kniv, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen.
Den 33 år gamle mannen blei funnen på bybanestoppet og køyrt i ambulanse til sjukehus.
– Han skal ha blitt knivstukken i hovudet, men var bevisst, sa operasjonsleiaren.
Går gjennom overvåkingsbilete
Bybanevogna der knivstikkinga skjedde er konfiskert og ute av drift. Politiet søker tysdag kveld framleis etter gjerningsmannen.
– Han skal ha gått av Bybanen ved Brann Stadion og stukke av til fots. Me har fått ein skildring av mannen, seier Samsonsen.
Vitne til hendinga vert tysdag kveld avhøyrt av politiet, og politiet går også gjennom overvåkingsbilete frå Bybanen.
Klokka 23 har politiet framleis ikkje pågripe nokon for knivstikkinga.