Hopp til innhold

– Eg veit at det eg gjorde var feil

Mannen som vart dømd for seksuelle overgrep mot Edle Iversen fekk eitt år og tre månader fengsel. Han vart sjølv misbrukt som barn.

Edle Iversen

TILSTOD: Edle Iversen valte å melde mannen som misbrukt ho seksuelt i nesten ti år. I 1994 tilstod mannen i lagmannsretten. Han vart dømd til eitt år og tre månader fengsel.

Foto: Gulating lagmannsrett/Privat

Eg skulle ikkje ha handla som eg gjorde. Men eg skjøna ikkje då at det me gjorde saman ikkje var greitt.

Mannen som er dømd for overgrep mot Edle Iversen

– Eg angrar veldig på det eg har gjort. Men eg har sona dommen og tatt straffa mi, seier mannen som ynskjer å vera anonym.

Det var i 1994 at mannen i 60-åra vart dømd for utuktig omgang med eit barn under 14 år. I lagmannsretten tilstod han å ha hatt seksuell omgang med Edle Iversen frå ho var ti år til ho var rundt 19 år gamal.

Ti år med overgrep

Edle

INNESLUTTA: Edle Iversen (biletet) heldt overgrepa skjult i over ti år. Her er ho kring 15 år gamal.

Foto: Privat

Mannen som i dag bur i Bergen vart ein del av familien til Edle Iversen då han var i tjueåra. Han seier at han raskt fekk eit nært forhold til Iversen som då var mellom åtte og ni år gamal.

– I byrjinga gav eg ho berre vanleg merksemd, men me blei raskt gode vener, seier 60-åringen.

Han hevdar at den jenta som han hadde godt og nært forhold til fekk kjensler for han då ho var rundt ti år gamal.

– Eg merka ikkje at ho hadde kjensler for meg i byrjinga, men etter kvart skjøna eg det. Det første overgrepet skjedde liksom berre, det var naturleg.

– Korleis gjekk forholdet frå å vera eit normalt forhold mellom ein vaksen og eit barn, til å bli seksuelle overgrep?

– Eg trur ho var nysgjerrig på seksualitet. Men eg skulle sjølvsagt ikkje ha handla som eg gjorde. Eg skjøna berre ikkje då at det me gjorde saman ikkje var greitt, seier han.

«Ho ville berre bere med meg»

Knut Hermstad

SEXOLOG: Knut Hermstad har drive terapi for menn som har er dømde for seksuelle overgrep. – Felles for overgriparane er at dei har opplevd noko traumatisk i barndommen, seier han.

Foto: May Reppen-Gjelseth / NRK

Han hevdar at den unge jenta var mykje heime og ikkje hadde interesse av å vere med venene sine.

– Eg sa ofte til ho at ho måtte vera meir med dei på hennar eigen alder. Men ho ville berre vera med meg, seier mannen.

Ifølgje dommen utnytta mannen i 60-åra at den unge jenta ikkje hadde mange vener.

Knut Hermstad er sexolog og har doktorgrad i menn som begår seksuelle overgrep. Han har drive terapi for seksuelle overgriparar og seier det er vanleg å grunngi overgrepa med at barnet har vist ei form for interesse for eit forhold.

– Det er veldig klassisk. Barn kan også vise interesse for seksualitet, men det er jo då den som er vaksen som har ansvar for å sette grenser.

Han legg til at årsaka til at ein som begår overgrep mot barn som regel ikkje forstår at det dei gjer er feil.

– Dei er ikkje onde menneske, men det har ein skade. Årsaka til at dei vel barn og ikkje vaksne er fordi enkelt og greitt fordi det seksuelle samspelet med ein vaksen blir for komplisert. Men eigentleg vil dei berre ha nærleik, seier Hermstad.

– Vart sjølv misbrukt

Å misbruke nokon seksuelt er nok det verste ein kan gjere mot eit menneske. Men eg har lagt alt dette bak meg. Det håpar eg ho også kan gjere.

Mannen som er dømd for overgrep mot Edle Iversen

Mannen som er dømd for overgrepa er snart pensjonist. Han seier det er mange år sidan han la bak seg det som skjedde. Det er viktig å tenkje at livet går vidare, seier han.

– Ein kan jo ikkje grave seg ned heller. Eg har jo tatt straffa mi og gått vidare.

Han legg til at han sjølv opplevde det å bli utsett for eit seksuelt overgrep då han sjølv var barn.

– Då eg var kring elleve år gamal hadde eg seksuell omgang med ein pedofil mann. Men dette har eg aldri hatt problem med i etterkant, eg la det bak meg rett etter at det skjedde. Faktisk hugsar eg det som ei positiv oppleving.

Ein myte

Ifølgje sexolog Hermstad er det ein myte at størsteparten av dei som blir utsett for seksuelle overgrep gjer det same mot andre barn i vaksen alder.

– Den vesle som finst av forsking på dette viser oss at kring 30 prosent av overgriparar har vore utsett for overgrep som barn. Det er ikkje så mange.

Men ifølgje forskaren er det éin ting som går igjen hos nesten alle som utsett andre for seksuelle overgrep.

– Dei har alle opplevd alvorlege belastningar i barndommen. Ofte er det snakk om omsogssvikt eller mishandling.

Mannen som er dømd for overgrepa mot Iversen ynskjer ikkje å snakke om sin eigen barndom. Han hevdar han ikkje har begått overgrep mot andre enn Iversen.

– Å misbruke nokon seksuelt er nok det verste ein kan gjere mot eit menneske. Men eg har lagt alt dette bak meg. Det håpar eg ho også kan gjere, seier han.

Edle Iversen ynskjer ikkje å kommentere denne saka.